Folk frå fortida – Nils O. Barstad



Nils O. Barstad (1886-1932) var frå Ingridgarden Barstad. Mor hans døydde då han var 10 og far hans då han var 24 år gammal. I 1906 var Nils mannskap på ishavsskuta Avance på selfangst, truleg i Vestisen. Ved folketeljinga i desember 1910 låg han i Kristiansund, rett sikkert var han med ein av dei motoriserte dekksbåtane frå Barstadvika som då deltok i sildefisket på nordmørskysten. Nils var odelsgut og fekk i 1914 skøyte på Ingridgarden. Fire år seinare gifta han seg med Petra J Volle frå Gjerdet der. Dei vart foreldre til Åsta [Tømmerbakk] i farsgarden, Margit Godøy (1923-1944) på Valderøya og Jorunn [Holsæker] på Barstad. I 1920 vart Nils nemnd som gardbrukar og fiskar med motorbåt. Han døydde våren 1932 på Opdøl sinnssjukeasyl av kreft i magesekken.



Nils O. Barstad i 1907. Foto: Enok O. Simonnes. Kjelde: fylkesfotoarkivet.mr.