Vekkreist frå Vartdal – Pe-Pernille frå Nørevartdal

Pernille Ellingsdotter Nørevartdal (1813-1883) var frå Pegarden. Bryllaupsmånaden 1841 i den dåverande Hareids-kyrkja vart ho vigd til Pål Jonsson Ytre-Standal. Same sommaren vart ho Pernille mor. Fram til 1850 sette ho fem born til verda, fire av dei voks opp og vart konfirmerte. Ekteparet bygde eige hus i Steinvågen i Ålesund. Pål var sjømann, kom i 1853 vekk, truleg på havet. Pernille livnærte seg som sjauerske, ho arbeidde altså med fisk på kaiene og i sjøbudene i byen. Ein gong mellom 1865 og 1870 kom ho under offentleg «understøttelse», fekk òg noko peng til livsopphaldet frå eit legat. Ho var altså utsliten ved kring 55 års alder. Pernille døydde i Steinvågen, rimelegvis i heimen sin.

Borna måtte tidleg ut å tene. Døtrene Jensine og Elisa var etter tur gift med losen Jakob Jakobsen frå Skogedal, busett i Bergen. Dottera Berte Paulsen (1846-1921) levde ugift i heimbyen, i 1900 kalla «Vaskerkone». Ho hadde adresse i Kirkegata, både før og etter bybrannen i 1904. Livsferda enda på gamleheimen i Ålesund. «Hjertelig tak for al vennlig deltagelse ved Berte Paulsens død og begravelse», melde Pauline Lassen i ei lysing i Søndmørsposten, ho var Pe-Pernille sitt barneborn i Bergen. Pe-Mattias (då avdød), Bakke-Johan, Steina-Karl og han Osphol i Nørevartdal var syskenborn av Berte Paulsen. Om nokon av desse deltok i gravferda hennar, held eg på han Osphol.