Ragna var frå Buset. Ho var einaste barnet til Anna og Mattias M Heltne. Dei budde i ei lita stove på Skortå. Far til Ragna døydde då ho var i åttande året, mora døydde i 1930. Ragna flytta til Oslo der ho 3. mars 1962 gifta seg med Hartvig Hagberg (1901–1973) som var frå hovudstaden. Ragna Hagberg (1906–1987) døydde i Oslo og vart gravlagd frå Østre krematorium.
I det siste nummeret av 1918-årgangen åt Norsk Barneblad skreiv 12 år gamla Ragna om ’Han Mons’. Mons heiter katten min, det er han eg vil fortelja um. Eg fekk han burte grannegarden, eg hugsar godt den dagen. Det var ein laurdag eg bar han heim i ei korg. Han var noko rædd av seg med det same, men det gjekk snart over. No er han stor og hev tvo gonger fenge ungar; båe gongerne hadde han fem, siste gongen låg tvo daude. Han hev ofte stole. Ein gong stod det ein fersk mjølkekopp på kjøkenbenken og den hadde han mest tømt. Når eg ropar på Mons, då kjem han. Ein gong skulde eg ned i skulen på ein fest um kvelden. Då såg eg ein katt uppi bakken. Eg ropte på pus og då kom han Mons ned åt meg. Eg kjæla med han og so fylgde han meg ned på landsvegen. Då sa eg: «No må du gå uppatt, Mons», han stod og såg etter meg då eg gjekk, han tykte visst att det var leidt at han ikkje fekk fylgja.
Eg hev halde Norsk Barneblad i tri år og likar det svært godt.

Ragna Heltne, nr 2 frå venstre, i Skorgedalen ca 1928.