Stille-bilen på Vartdal. Av Helge Ødegård

Her i Telemark har nokre kommunar gått saman om eit forsøk. Dei leiger elektriske bilar, bilane går på batteri, og forureininga av slike bilar er svært liten. Men som alt anna er der både pluss og minus, eit minus som folk klagar er mangel på «bråk». Bilane går altfor stilt, folk høyrer dei ikkje, så denne bilen er ein fare i trafikken.

I min tidlege barndom hadde Bø-Ole ein bil som gjekk så stilt at vi kalla den «stillebilen». På Øggaren har vi fri sikt 500 meter sørover, «stillebilen» såg vi før vi høyrde den. Vi var litt redde denne bilen, og gjekk vi etter vegen og kom i hug «stillebilen» kom vi oss langt ut i vegkanten i ein fart. Ein ting var godt den tida, vegane på Vartdal var ikkje bygde for fart. Dei var smale og krokete, vegkantane hadde lett for å gi etter. Der var ikkje tillaga møteplassar, så når Erdal-Ole og Bø-Ole møttest var det ofte vanskar å kome forbi kvarandre. Men det var ikkje ofte to bilar møttes på Vartdalsstranda, der var så få som hadde bil. Hest med vogn kunne møte ein bil utan store problem, hesten og vogna kunne vike langt ut i vegkanten, eller i grøfta. Det vart då plass for bilen å snike seg forbi.

Eg hugsar godt første gongen eg sat i bil, var vel seks-sju år. Der kom ein drosjebil frå Ørsta og skulle hente presten ein preikesøndag. Presten hadde gått i soknebod, så han sat ikkje i prestestova hjå Bakke-gommer og venta på bil. Sjåføren tok oss då med som kjentfolk, det var ei utruleg oppleving å få bile, vi kom fram til huset der presten var. Presten kom ut og sette seg i bilen, vi barna tok i bruk «apostelens hester» og kom oss heim. Det var ein biltur på ein liten kilometer, men den sit i minnet.

Då dei dei bygde ny løde i Hansgarden på Nøre-Vartdal [det vil seie på Årskog, 1930] fekk vi sitje mykje på bil, det var lastebilen som køyrde material fram til Hansgarden. Der er vel 1,5 kilometer frå kaia på N. Vartdal til Hansgarden. Vi barna fekk sitje i lastekassa frå Hansgarden tibake til kaia, vi fekk aldri sitje på når bilen hadde lass. Så straks bilen stoppa på kaia var det å kome seg fort fram til Hansgarden. Vanleg klarte vi å bli med bilen annankvar gong, men sprang vi fort og var litt heldige, hende det vi klarte kvart tomlass. Å springe 1,5 km 8-10 gonger pr dag var nok god trening for kroppen. Eg hugsar det ikkje, men vil tru vi for det meste sprang barbeint. Det gav ein heilt anna status å sitje i ei lastekasse på ein bil enn ein hjulslede som hesten drog.

Møre-Nytt, 1. desember 1998.