Vartdal redningslag. To attersyn.

Attersyn i redningslaget for Aarsetdalens krets.

Etter møteboka syner det seg at Aarsetdalens krets av NSSR vart skipa om hausten den 29-11-23 av K. Stokkenes. Same kvelden vart det innskrive 5? lagslemer, og styrelemer vart valde: Lina Vartdal, formann, Alb. Flåskjer, nestformann, Marta Kvien [Myklebust], kasserar, fleire namn står ikkje i møteboka som vart valde då.

I åra framover har talet på lagslemer gått sånn opp og ned. Den 9-12-33 vart det val av nytt styre, då det gamle styre ikkje ville stå lenger. Valde vart: Sverre Flåskjer, formann, Martine Bortne, nestformann, Jenny Aarseth [Brandal], kasserar, Kristian Brandal, Lina Vartdal, og desse er det som står framleides.

Formannen lyste til møte gong etter gong, men frammøtet var så dårlegt, at vi til slutt måtte gje opp. Men heldigvis har reisesekretæren vår vitja oss nesten kvart år. På desse filmkveldane har det samlast bra med folk, så vi har fått inn bra med pengar til dette gode arbeidet. Vi har kvar 7. juni sal av flagg og merkesal. Talet på lagslemer i 1957 var 113, og det er høgste talet i desse åra. Og skulde her vere nokon som ynskjer å skrive seg som medlem er oss mykje takksame. Gjer vel og segje frå. Kostar kr. 1,-. Eg trur eg hugsar kven som står frå før. Har gått gjennom kassaboka frå 1924 til og med 1957, og lagt saman innsende beløp til NSSR. Og det syner seg at kr. ca. 9.000,- er sendt. Av dette er kr 2.900,- fått frå 2-3, årvisse fiskebåtar herfrå. Og takkar hjerteleg for dette! Eg vil oppmode dei andre fiskebåtane herfrå som ynkjer å gje til NSSR, kan gje det gjennom redningslaget i bygda.

Kjelde: Notatet «På festmøtet i «Soltjeld», den 24-4-58.» Ganske sikkert skrive av Jenny Brandal.

Attersyn over dei første 50 åra ved Vartdal redningslag sin jubileumsfest 2. november 1974. (Av Sverre Flåskjer)

Det var innkalla til møte i skulekjellaren på Årset. Mange møtte fram for å høyre om det arbeid – Norsk Selskab til skibbrudnes redning dreiv. Reisesekretæren oppmoda folk om å skipe ei foreining her, og det var gjort same kvelden. Foreininga fekk namnet Årsetdalens redningsforeining.

Alt første året var det 61 som vart med. Kvar betalte 1 krone i årspengar. Samla innkome det året vart 218 kroner. Medlemstalet har svinga mykje. I 1930 hadde laget 35 lagslemer. Alt to år seinare gjekk det opp til 50. Ut gjennom åra har det svinga ein del. I dette jubileumsåret er det 139 medlemer son no betalar 5 kroner året i lagspengar.

Innkomene i laget har i stor mun skift etter talet på lagslemer. Minst var talet på lagslemer i 1930 og innkomene det året var 44,88 kroner. Likevel har det gjennom desse 50 åra kome inn ca 44.600,- kroner.

Formenner i laget har vore Guttorm B Øye, Lina Vartdal, Sverre Flåskjer. Formann no er Magny Vik. (Så vidt eg veit er det 4 som no lever, som har vore med frå først av: Hans J Buset, Emm Myklebust, Edit Sætre, Berte Vartdal.) Kasserar har fleire vore. Den som har vore lengst er Jenny Brandal. Ho fekk dette arbeidet i 1934 og fekk avløysing i 1972, av Kristine Kvien.

I desse 38 åra har fru Brandal vore ein sers aktiv og trufast kasserar. Eg har ofte undra meg over kor aktiv ho har vore. Mange av oss er her, veit at ho år etter år bilte bygda rundt for å få inn årspengar, eller selje lodd o.a. som måtte gjerast. Pengane som kom inn, tok ho gjerne med seg til Ålesund når ho elles hadde ærend dit. Då vart portoen spard i det minste. På den måten fekk ho og god kontakt med kasseraren for distriktet her.

I 1958 og 1960 fekk ho ordna eit testamente saman med reisesekretær Halvorsen.

Ellen B. Berg

Ved eit 50-års-attersyn trur eg det vil vere naturleg å nemne Ellen Berg. Som dei fleste av oss veit, så budde ho sør i Berget. Men her er vel og dei som kjenner lite til Ellen. Ho var ugift og døydde sommaren 1961 på aldersheimen. Ellen voks opp i små og fatige kår, og sleit hardt for levebrødet all sin dag. Ho levde sparsamt – sume meinte ho pinte seg sjølv med lite mat. Ho var hækja – sa folk – og hadde ikkje råd til å bruke pengar.

I 1958 gav ho 10.721 kroner til Redningsselskapet.

I 1960 gav ho 9.000 kroner, og testamentet fortalde at Redningsselskapet skulle ha det som etter henne var. Det vart gjort. Me søkte Redningsselskapet om å få bruke 4-500 kroner av dei pengane ho hadde att Vartdal sparebank til støtte på grava, og det vart innvilga. Støtta vart tinga og oppsett.

To år etter kom kaptein og generalsekretær Bjørnstad frå Redningsselskapet eins erend med redningsskøyta «Idun» til Nordre Vartdal. Han kom for å sjå grava til Ellen. Han heldt ein gripande tale til dei få som hadde møtt fram, og la ned ein krans med ei norske fargane og takka for det ho hadde ofra til Redningsselskapet.

Eg hadde med den skrøpelege pengepungen hennar, og synte den fram til Bjørnstad. Han stod lenge og heldt den i handa utan å seie noko. Me som var der, gløymer seint denne minnestunda ved grava. Etterpå gjekk Bjørnstad inn på aldersheimen og helste på pensjonærane der.

Sume tider har det svive meg i tankane at Vartdal redningslag skulle syte for å halde grava vedlike. Men eg veit ikkje om det har noko for seg. Eg vil berre seie til oss alle at vi kanskje kunne ha i tankane å stelle litt på grava hennar når vi er på kyrkjegarden likevel.

Utan Ellen Berg sitt testamente, så har ein alderstrygda to gongar gjeve 1000 kroner til Vartdal redningslag. Dessutan vil eg takke alle rederia i bygda som gjennom åra har støtta laget med pengegåver.

Til slutt vil eg nemne det Ellen Berg fleire gonger fortalde meg om bakgrunnen for at ho hadde redningslaget så ofte og så sterkt i tankane.

Ho – og ei av systrene var med faren til Ålesund og skulle selje vedskier. På Breisundet vart trerøringen fylt med sjø. Dei siglde. Der låg dei i sjøen mellom vedskier og såg døden i augo. Då opplevde ho det som alle gjer under eit forlis. Til all lukke var det folk som såg dei og kom til og berga dei.

Denne turen gløymde ho aldri. Difor vart arbeidet som Redningsselskapet driv, det ho sjølv ville hjelpe fram med pengane sine. Ho sparde til seg sjølv, og gav til redningssaka alt ho hadde. Det er stor og sterk idealisme som ligg bak.