Imorgon er det 17de mai. Det ser ut for at det vert lite med festprogrammet. Ja, ein kan vel ikkje vente so serdeles mykje her ut i ville Atlanterhavet i skodde og snøstorm.
–
Var vakt vart uttørna kl. 4 om morgonen 17de mai. Eg tenkte det var salutt, men då eg vart klar i heilen var det vinsane som heldt spetakel på dekk. Det var bra ver og kallane skulde ut og freiste kveita. Me fekk ordre um å byrje losse kol – eit arbeid som aldri tek ende på denne båten. Ja det er vanskeleg å segje nei, for i kontrakti stend det: «som lederne bestemmer». Det er ikkje fritt for at ein tenkjer på heime i slike høve, der det kanskje er sumar og sol, og eit kvart slag både til å sjå og høyre ein slik dag. Leid på dagen sette det inn med snøstorm, so me vart nøydd å slutte både med det eine og det andre. Det var uppsett eit rikhaldig program for ettermiddag. Det skulde gå fyre seg på «Folkets hus» 21 – Det vart likevel ingen ting av interesse.
–
På turen yver frå Noreg hadde me reine ynskjeveret, heilt til me kom for Kap Farvel, då fekk me storm frå nordost med stor sjø. Det gjekk likevel bra med undantak at me fekk spika ein dorry, som stod på brudekket, og litt dekkskade.
På fiskefeltet kom me den 10. mai, men det viste seg det var vanskeleg å bruke for is. Det var retteleg storis som var i drift, og det er ikkje noko vidare kameratar på sjøen, serleg då det vert mange av dei.
I det siste hev me flutta lenger mot nord, men det ser ut for at kveita er ikkje å finne korkje djupt eller grunnt. Dei skuldar på at sjøen er for kald. Termometeret på djuptvatnsmålaren viser 1 1,5 grad +. Det hev aldri vore so kaldt før um åri me var her. Det beste fiskeriet gjekk for seg før på ein temperatur millom 5 og 7 grader +.
Heile fangsten til idag 25de mai er 60 tonn kveite, ein gjenomsnitt pr båt av 3 tonn. Nesten ingen ting.
Idag, pinsafti, ligg me på nordvestre kant av Helder bank, rett ut for Phillips Island. Klårt ver, so me kan skode Grønland for fyrste gong i år. Det ser ut for at det er lite grønt endå her uppe, berre dei stupbratte bergufsane som stikk ut or dei store snøbredane.
Spursmålet er, kvar skal me gå no. Det hev vore prøvt heilt i frå Fiskernes bank og upp der me no ligg. Det er lite truleg at det vert gått so langt nord som til Store Hellefiskbank.
Me hev smått vona å høyre kva tid kamerat-båten kjem, men etter som eg hev høyrt er han ikkje gjengen frå Hull endå.
Det var ei tid at Helder var den største fiskebåt, men med den nye Arctic Queen (Polardronningi vil ho heite på norsk) vert alle rekordar slegne. Helder vert berre som ein lettbåt no. Ja til å gå til skildring av båten skal eg ikkje gjere, då det vil take for mykje plass i bladet. Det einaste eg veit å segje: han er stor og framifrå godt utstyrd.
Det tek til å verte smått um arbeid for oss no. Med kollossingi er det 3 dagars pause, og ingen fisk til frysing, for all fisken hev gått til England. So viss det gjeng slik av seg, ser det ut for at me kjem til å have ein roleg sumar. Her er ei mengd torsk, men han hiver dei i sjøen att. For me hev ingen plass for salting her umbord.
Med helsa stend det nokolunde bra til. Me hev havt eit par små uheld, men det ser ut for at alt rettar seg.
Tilslutt helsing frå voldingane. Ja me er berre 3.
S/S Helder 26/5 1928.
O.J. i avisa Møre, 19. juni 1928.