Krisa for havfiskeflåten. Av Knut Vartdal

Ser Sunnmørposten er ute, redaksjonelt laurdag 3. desember og minner statsmaktene um at det no ikkje lenger er nok med «sympati» for den utgåande fiskeflåte, utan at denne sympatien samstundes gjev seg «praktiske utslag».

Ja, det var eit ord i rett tid. Dette er no so blodigt sant at det ikkje ofte og sterkt nok kan hamrast inn i våre statsmakter kor ålvorleg stoda er, ifall det ikkje skal verta forseint, nok eg er redd for.

Kan godt vera at me har sympati frå statsmaktene. Men etter dei utslag denne sympatien har gitt seg til denne tid, so er det vondt for oss å segja at den har gitt seg utslag i anna enn «restriksjonar». Jau, me har fått oss pålagt toll og avgifter, snart på det eine, snart på det andre, ofte til fordel for andre stender, so alt me skal bruke er fordyra sterkt, medan me skal selja våre produkter til eksport utan studnad i knivskarp konkurranse med alle andre nasjonar. Attpå har me fått forbod mot å utvikle og fylgje med i utviklinga slik som tevlinga krev.

Me har til dømes for nokre dagar sidan fått Sjøfarts- og Fiskerikomiteen innstilling til ny trålarlov. Sanneleg eit dokument som viser «sympati» for havfiskeflåten. Ikkje eingong lov til å tråle etter torsk dem same årstida me før har drive fiske etter torsk med liner, skal me få lov til.

Større hån mot havfiskeflåten, mot Ålesund, og dei andre distrikta som har si hovudnæring av havfisket, skal ein leite lenge etter. Alle mann i denne nemnda, sonær som Anderssen-Rysst, utan omsyn til politisk parti, er samd i at havfiskeflåten ingen rett har, i all fall er det konsekvensen av innstillinga.

Me ser det overalt det same. I fjor var det ein nokso beisk strid um motor i snurpenotbåtane. Dei laga til ei lov som forbaud motor i meir enn ein båt. Innstillinga var laga på Fiskeridirektoratet, av sjøkunnige folk.

Grunngjevinga for forbod mot motor i meir enn ein båt, var at ein måtte gå skrittvis fram. Det var fårleg å sleppa til med motor i båe båtane. Ein måtte taka umsyn til risikoen ved kollisjon, nedkjøyring av lettbåtar og anna, var det sagt.

Slepp alle snurpefarty laus i klasen under fisket, men innstill roret på dei slik at det ikkje fær ganga lenger enn til midtskips på eine sida, men heilt tilbore på den andre. Spør so um dei er sikra mot kollisjon. Like klokt er vedtaket um motor i berre ein notbåt.

Rett nok var dei interesserte usamde um motor i det heile, so noko kan ein orsaka i dette høve, men grunngjevinga er like meiningslaus for det. Det viser ogso kor fårleg det er å gripe inn istadenfor å lata fisket få utvikla seg fritt.

Sunnmørsposten nemner at dei folk som arbeider i og med den utgåande fiske- og fangstflåte, representerar initiativ og pågangsmot. Ja, det er rett nok; men det er vanskeleg å sjå at dei styrande har syn for dette, eller kanskje dei meiner pågangsmodet er sterkt nok til å klara alt.

Til dette kan ein berre svara, at no vert det snart slutt, for overmakta vert for stor, ifall dei styrande ikkje straks tek umsyn ogso til havfiskeflåten si stode.

Havfiskeflåten er uppbygt på fiske og fangst i fjerne farvatn. Serleg då ved Island, Svalbard, Bjørnøya, Kvitehavet, Vesterisen, Danskestredet og no i det siste ogso ved Grønland.

Nokon studnad har denne næringa ikkje fått. Rett nok har ein fått del i statens garantipris for torsk. Men linefisket ved Island, som ein vesentleg kunne nytta denne studnaden til, er no heilt ulønnsam og dødsdømt. Studnaden er soleis snart verdilaus der. Umlegging til tråling, for å få halde fram med torskefisket i denne tid, skal me altso ikkje få lov til.

Sildefisket ved Island er snart ei «saga blott», iallfall for den eigentleg fiskeflåten, i fall staten ikkje snarast gjer noko effektivt for å avta sild til guano. Sælfangsten i Kvitehavet er so å seia ute av dansen.

Dermed er ogso fangsten i Vesterisen dødsdømd. Danskestrædet har i mange år vore ulønsamt. So har ein for sælfangsten berre Nyfundland att. Men kor mange er det som når i det. Berre nokre få.

Torskefisket ved Grønland er eit ljospunkt. Fyrebils. Men det er ikkje nokor billeg affære å drive der. Statsmaktene har alt byrja å snakke um å få vekk studnaden til torskefiskeria i fjerne farvatn. Med dette tenkjer dei sjølvsagt på fisket ved Island og Grønland.

Javel. Tak den berre burt. Det er likso godt å slakta ogso dette fisket med ein gong. Det er då kapitalfiske dette.

Ein kan snakke um planøkonomi som har vaska seg. Setja Fiskeribanken i stand til å låna til nybygg av større fiskefarkostar og kriselån til 2. prioritet. Samstundes snakka um å taka vekk studnaden som desse fart faktisk flyt på, ifall dei då kan klara det med studnaden.

Sett i gang ei næring, og so snart ho er igang, forby ho å selja eller eksportere varene sine. Spør um ho klarer seg. Like konsekvent er det å taka burt studnaden til torskefisket i fjerne farvatn.

Dei som er interessert fiske og fangst i fjerne farvatn, har lite og inkje å skrike på staten til denne tid. Ein har halde det for usmakeleg.

Men me ogso nå no snart innsjå, at dette å skrika på staten, er vorte ei næring det òg. Ja, for det er mange andre enn me som har innsett dette før oss, og det har sanneleg lønt seg for dei. – Det fær i all fall me, som ikkje har skrike, no betale for. Det er på tide me tek etter.

Det er i all fall no kome so langt at kan skriking hjelpe, so er det på tide det vert gjort. – Berre det ikkje er for seint.

Eg vil gjera den interesserte presse merksam på dette, og beda dei hjelpa til. Like eins vil eg gjera dei styrande i Ålesund og andre interesserte kommunor merksam på tilhøva. Saka er ålvorlegare enn dei fleste vil tru.

Ifall dei styrande finn eg tek for sterkt i, so lat me få nedsett ei nemnd til å sjå på saka. Lat ho vera offentleg uppnemnd. Samansett av upartiske menn. Materiell fær dei nok av. Rekneskap og anna skal dei få framlagt.

Dei kan venteleg ogso få vite adskillig i Skipshypoteken og privatbankane i byen. Dei vil få nok å tenkja på og arbeide med, ifall dei er folk som vil noko.

Sunnmørsposten, 6. desember 1938.