Ein varm sumar

teiknar det til å verta iår. Det er ikkje ofte skogen stend grøn i siste vika av april. Vårvinna dreiv folk hardt på med og storparten av kornet er alt sått.

Sume stader er det ikkje so lite lemend iår, og det skal etter gamal røynsle tyda på at det vert ein godverssumar, turr og varm.

På Buset i Vartdal er det mykje lemend, og dei gjer noko skade på heimebøen. Eit lemend hadde ogso kome inn i ein røvgard der og vorte eit kjærkome matbyte for revane som delte det imellom seg.

Det siste lemendåret på desse kantar var i 1895, og då med vart det ein varm sumar etter som folk tykkjest minnast. I Åmdalen og Follestaddalen var det ei mengd av dei. På sume gardar gjorde dei so stor skade at det den sumaren vart uvanleg lite gras att, berre som ei hå. Men hitt året vart det mykje gras att, avdi dei hadde smoge so upp jorda.

Folk undra seg mykje den gongen over korleis lemendet hadde kome ned på heimebøen, for ingen hadde set dei før snøen tøya, men då synte det seg at dei under snøen hadde grave seg lange gangar nede i jorda. Truleg hev dei då gått ned frå fjellet um vinteren med snøen låg og grave seg ned på marka. Serleg var det mosegrodd mark dei heldt seg på.

Ørsta Avis, 30. april 1926.