Mandag 20/2
Endeleg forløysing etter fellesferien. Bra ver. Ein del kasting av sild på Goksøyrvika. Mange fekk bra fangstar. Vi hadde ein av dei vonde dagar, ei slags oppøving i tolmod. Reiv so forbaska sundt. Tråla gjennom havet om kvelden frå Runde til Statt. Ankra for natta kl 24 på Eltvika fattigare enn i formiddag. Notlissing og frysing. Eit praktfullt nordlys. Eit av dei sjeldne. Blir truleg sudleg vind.
Tirsdag 21/2
Ein dag med plenti tullkøyring. Fekk ikkje kaste. Eit par fangstar ved Voren og Geitmaren. Fleire truleg 8-10 ved Sjæggane. Melding om kasting med ein del fangsting ved Kvalheimsvika. Små drivgarnsfangstar ved Hgs. Ser ut for at silda trekkjer frå land på Nordfeltet. På ettermiddagen dårlegt ver, melding om storm frå SW dreiande. Gjekk til Spjelkavika.
Onsdag 22/2
Gjekk frå Spjelkavika til Brisinghaug og ankra. Storm frå NW og snøkave. Ei heil peisar forbi Eltrane. Ho får nok køyr silda frå land no. Må truleg til Hgs; men meldingane er ikkje særleg oppmuntrande derfrå heller. Håper vi kjem rundt Statt med det fyrste. Kan hende det hadde klart seg uten stopp etter som det ser ut.
Torsdag 23/2
Låg ved Brisinghaug. NW kuling. Dårlege sildemeldingar frå sørfeltet. Fornemmelse med botnagarne ved Bøvær.
Fredag 24/2
Melding um eit landsteng på 15000 hl og snurpekast på 2000 hl ved Vespestadvåg. Heiv opp kl 12 storkuling av NW rundt Statt. Snøtjukke tung sjø.
Laurdag 25/2
Kom til Børøfjorden kl 7 nokre fangstar Espevær Tollevika Barodden og Slaktnevik. Enkelte bra opptil 1700 hl. Masse folk. Om dagen svart med kasting heilt inn til Mosterhamn. Berre bom. Om kvelden 5 båtar sild på laust ut for Bærøfj opptil 1600 hl. Tørna på Klingevikane.
Sundag 26/2
Helg
Mandag 27/2
Fortøydde i holå ved Bømmelhavn. Kasta i 6 tida fangst 600 hl. Ein del fangstar Hjartensvåg Tollevik Førdepollen. Moster og utmed S landet frå Tittelsnes. Låg på same plassen og trudde på natta. Ho kjem sikkert.
Tirsdag 28/2
Kasta kl 0.30 fangst 250 hl. Seinare forsvann silda for godt. Gjekk til Hgs for levering. Mange gode e???. Botn mellande? Barøfj Moster Nyhida Eldøyane Tittelnes Borgund og Fjellbarøy. Lossa i Haugesund.
Onsdag 1/3
Melding om gode fangstar ved Bremanger. Byrja å gå nordover kl 2. Kl 13 10 n m nord av Bulandet. S kuling dårlege meldingar. Snudde tilbake. Fram og tilbake like langt. Tørna kl 23 i Langenuen1 n m nord om Lervik lykt.
Torsdag 2/3
Ein del sild i lyset men for mykje straum. Enkelte fangstar rundt omkring, men ikkje mange. S kuling. Leitte rundt på feltet men såg ingen ting. Eit landsteng vart sett i Ålfjorden tett ut for Sandvik på fm. Ca 15000 hl. Ankra for lysing på ei vik 2 m lenger inne, men her blir nok ingen ting. Bevare meg for eit lortfiske.
Fredag 3/3
Kasta i 6 tida. Fekk ca 350 hl. SV stiv kuling. Heiv upp kl 4 em og leita rundt feltet, men lite å finne. Ankra om kvelden ved Oterøya. Bra med sild i lyset, men djupt og mykje straum.
Laurdag 4/3
Kasta i 3 tida og fekk ca 150 hl. Seinare ikkje ei sild i lyset, Til Hgsund for levering og heldt helg.
Sundag 5/3
Helg
Mandag 6/3
Lyste litt og leitte rundt, men lite å sjå 5-6 fangstar som er nemnande teke for heile natta. Det lakkar visst mot slutten heldigvis. Svarte skulle ligge lenge på den her driten. Fabrikkane ville ikkje ha sild med den var å få so no kan dei berre vere fri. Svart på Botnagane og etter som eg høyrer. Kl 19 melding om kasting på Selbjørnsfjorden. Gjekk nord Nyleida kasta og fekk 300 hl.
Tirsdag 7/3
Ein del kasting om dagen under Seløya, men lite fangst. Om natta mange fangstar helst små. Kasta 2 gongar og 450 hl.
Onsdag 8/3
Melding om sild ved Holderveggen. Styrte på nord. Kom V. av Bremanger kl 19 kasta ein gong, men kolossal straum. Heiv båtane og til Måløy for lossing, fleire gode fangstar teke på lys om natta. Atter ein feilkøyring.
DET VAR ALT FRÅ 1950