Det kraftige regnveret i helga gjorde at elva i Barstadvika på nytt tok vegen over dyrka mark der ho har brote seg far under flaumen tidlegare. Mykje jord er ført bort av vass-massene, slik at det ser ut som ei ur derdet før var fruktbar jord. Riksvegen sto her ein halv meter under vatn slik at trafikken, som vart seinka måtte gå bygdevegen om Erdal.
Sunnmørsposten, 29. oktober 1957.