Hans H. Barstad (1898-1963) var fødd i Ålesund. Drygt fem år gammal kom han til Barstad og voks opp der, ettersom foreldra flytta frå byen etter bybrannen i januar 1904. Hans gjekk handelsskule, kanskje var det då han vart eigar av Aschehougs konversasjonsleksikon som han i 1926 baud fram for sal. I 1923 fekk han jobben som styrar av Longva Handelsforening. Her vart han kjend med Helga Austnes, og dei to trulova seg våren 1926 og heldt bryllaup på Austnes 17. juni 1928. Ekteparet flytta til Barstad, der dei same året fekk bygt seg bustadhus med butikkrom. Hans dreiv eigen handel her til 1937. Han selde då forretninga til det nyskipa Barstadvik Handelslag, der han sjølv vart styrar. Hans var etter 2. verdskrigen medlem i den kommunale forsyningsnemnda. Han var også ei tid med i ei kommunal arbeidsnemnd, i edruskapsnemnda og han var militær rotemann for Barstadvika. Elles var han kringom 1950 medlem i representantskapet til L/L Tussa Kraft. Hans og Helga var foreldra til Jorunn, Inge, Hildur og Harald. Jorunn var funksjonshemma og døydde i 1952. Dei hine tre borna flytta frå bygda. Helga Barstad døydde i 1991.

Hans H. Barstad i 1917.