Mange stader har dei siste veka hatt mykje bry med buskapen. Det var så vandt å finna krøtera att i markane. Ein mann på Nøre-Vartdal sakna ei kvige som kom frå hine kyrne tysdag. Dei leita etter henne to-tre dagar, men fann ikkje noko. Sundag bar det til fjells med gutane i bygda, 13 i talet. Det var framleis mykje vandt å leita, mest som å ta blindtjuke. Det lukkast likevel denne gongen. Ho hadde gått seg ned i ei hole so berre hovudet opp. Der hadde ho stade dag etter dag utan mat og vatn. Gutane fekk dyret opp. Det var so nedforkome at det mest ikkje let i det, og det kunde ikkje røra seg. Ein gut henta vatn i støvelen sin. Noko gras bar dei ogso til kviga. So laga dei båre og bar henne over fjellet ned til vegen der dei kunne køyre henne heim. No har dyret det godt. Det både et og drikk, og å sjå til har det ingen skade fått. Men endå kan det ikkje reisa seg. Mannen som åtte kviga, visste ikkje korleis han få fulltakka gutane som berga dyret, so det slapp lenger å talmast i hel i hola.
Sunnmørsposten, 20. juli 1942