Fiskebil utfor stygg skråning på Vartdal

Ingen kom til skade, men bilen stygt ramponert. Ein fiskebil på veg frå Ålesund til Ørstavik måtte før helga utfor vegen mellom Masdal og Barstadvik. I ein bratt bakke skar han utfor den skrøpelege vegkanten som er vanskeleg å sjå på grunn av all snøen, og så bar det kant i kant ned etter ei fire fem meters høg skråning. Folka i bilen fekk ikkje det minste skade, men bilen vart stygt ramponert. Førarhuset vart mest avreve, og fiskekassene og silda vart slengde av lasset og låg spreidde vidt omkring. Bilen vart sidan dregen opp på vegen og slept inn til Søre-Vartdal.

Or Sunnmørsposten, 31. januar 1956.