Det hev i vinter vore halde eit 10 vekers vevekurs på Søre Vartdal. Kurset hev vore tilskipa av Årsetdalen fril. ungdomslag med studnad av ungdomssamlaget og tilskot frå fylkesskulekassa. Kurset hev vore halde i matsalen på samlingshuset Soltjeld, og lærarinne på kurset hev vore fru Johanne Bjørkedal. – Ho hev lagt ned mykje og godt arbeid på dette kurset, og det skal vere visst at ho hev ikkje alltid gått etter klokka.
Kurset hev vore umfata med stor interesse av elevane, med trottugt strev frå dag til dag for å få lære mest mogeleg. Her kunde dei få lære noko som kunde verte til verkeleg gagn for heile livet.
Sundag 14. april var arbeidet utstilt, og mange var dei som nytta høvet å sjå alt det gilde desse «vevkjerringane» hadde arbeidt upp. Der var millom anna: portierar, dukar, gardiner, ulltepper, veggtepper, handdukar, kåpety og mangt anna – rett eit godt prov for det gode kurset. Framsyninga var både stilfull og ven.
Um kvelden var det fest. Programmet var vekslande, og mykje folk hadde møtt fram. Festen vart leidd av form. i Årsetdalen fril. ungdomslag, Ingvald Aarset, som ynskte festlyden velkomen. Han gav so ordet til lærar Rasmus Buset som heldt festtalen. På ein framifrå greid og liketil måte fortalde han um dei gamle og førande storættene på Sunnmøre. Han heldt fram at dei ætter som serleg hev sett merke etter seg i den norske soga, Blindheimsætta på Vigra og Giskeætta på Giske, båe desse kan ein finne merke etter frå slutten av folkeflutningstida. Talaren fylgde desse ættene utyver til kring 1227, då dei etter kvart fekk mindre makt. Til sist nemnde talaren at deira huglynde gjeng mykje att i sunnmøringane no og. – Foredraget vart mykje fagna.
Etter songen: «At far min kunde gjera», var sungen, fekk me fleire nr. av bl.koret «Fjelljom». Eit tablå «Veslemøy lengtar» vart framsynt og hausta stor fagning. Under matpausen var det på nytt mange som nytta høvet til å sjå dei utstilte arbeida.
Etter matpausen kom det handskrivne bladet «Vårljos» med mykje innhald. Bladstyrar var frk. Bergljot Grønnevet. So song Fjelljom fleire nummer, og etterpå vart ordet gjeve fritt. Harald Buset gjorde fyrst greide for korleis kurset hadde kome i stand. Han minte og om det verd heimearbeidet hev, og den fyremun det alltid er, og hev vore å kunne vere sjølvhjelpen. Likeeins takka han ungdomssamlaget og skulestyret som hadde gjeve kurset so god studnad. Frk. Dagny Volle takka lærarinna frå elevane, og gav henne ei gåve frå kursdeltakarane. Fru Bjørdal [sic] takka for gåva. Andreas Aarskog takka på foreldra sine vegne, og minte um at nest etter å ha ei frelst sjel, var det ikkje noko han sette so høgt som å vere sjølvhjelpen. Han takka og for dei utanbygds ifrå som hadde fått vore med. Skulestyreformannen takka ungdomslaget og ungdomssamlaget som hadde studt kurset so godt. Han vilde ynskje at det som var lært på dette gilde kurset ikkje vart gløymt, men nytta seinare og.
So fekk «vevkjerringane» vite kvifor dei hadde gjenge kurset igjenom i ein revy som vart sungen. Etter eit par vers av fedrelandssalmen var sungne, slutta den gilde festen i 12-tida.
Or Sunnmørsposten, 24. april 1935.