Liset-Ola fortel

Liset-Ola var frå N. Vartdal og kjend som ein dugande arbeidsmann og ein framifrå skrønemakar. N. Vartdal er kjend som ein fæl hardversplass når det er sunnanvind. Ein gong det hadde vore storm, råka nokre karar han Liset-Ola straks etterpå. «Bles det i Nøre Vartdal den stormdagen?» spurde dei. «Bles! ja, det kan de tru det gjorde. Møksledane fauk burtyver fjorden, so til slutt såg me dei att berre som måseflokkar».

Ein annan gong det hadde vore storm, brukte han eit nytt bilete på vindstyrken. «Bles, ja, det var fole kor det bles, han reiste femti famner med dubbel steingard på enden».

Ein vår var Liset-Ola på Flåskjer og bygde løe. Der og kan stormen vera noko strid, og Liset-Ola er den som finn bilete. «Det var fole kor det bles på Flåskjer. Vinden tok tak i raftallane og for nordover marka med dei og rulla dei i hop som hyvlespøner. Når vindbygjone kom var det uråd å slå naglane mote vinden, det nita ikkje det slag; men når me slo dei undan vinden, nådde me ikkje atti dei med øksa».

Ein mann frå S. Vartdal, som heitte Bernt, skulde ein gong reisa til Nordland ilag med nokre andre frå Vartdal. Dette var berre bondegutar, og styrmannen på snøggruta tykte visst at dei gjekk simpelt klædde eller kva det no kunne vera; for fleire gonger jaga han dei frå atterdekket og fortalde uttrykkjeleg at atterdekk var berre for damerne. Ved ein stoppestad nordanfor tok båten umbord mykje tjøretunnor som vart sette på atterdekk. Vartdalgutane våga seg på nytt attast i båten. Straks kom styrmann, rasande sinna, og vilde jaga dei derifrå. Bernt lest vera redd og bokka seg undan medan han sa: «Umforlatelse, umforlatelse, eg sanste ikkje at damerne var uppe». Og so peikte han på tjøretunnone. Seinare fekk vartdalgutane gå der dei vilde.

Han Gamle-Mikkel frå Myklebust i Vartdal var kjend som ein hardhaus. Ein gong braut han av ein fot, dokter vart henta, og han spjelka foten. Då foten var spjelka, spurde Gamle-Mikkel um han skulde få byrja å hogga ved. Doktoren gav honom lov til det, for han trudde ikkje at han greidde å vera uppe. Men Gamle-Mikkel reis upp og byrja gå på golvet og tykte det vart betre no når foten var spjelka. Difor sa han på sin lune måte: «Ja, ditta vart andre greie, det».

Or Sunnmørsposten, 30. november 1932.