Augustinus Buset (1834-1909) var frå Skorta på Buset, den fjerde i rekka av borna til Ingebrikt Pålsson og Lisbet Larssdotter. I september 1855 var han tilsett som lærar i Hareid sokns 2dre distrikt med ei årleg løn på 9 spesiedalar. Han heldt då skule i Barstadvika, Bukta og i Nøre-Vartdal. Før han tok til i jobben, hadde han i vel eit halvt år gått i lære hos klokkar Strømme på Haukåsen i Ørskog. Året etter vart Buset lærar i Ulstein sokn og fekk 11 spesiedalar i løn, seinare auka til 22 spd.
30. august 1859 handsama skulestyret i Ulstein ein søknad frå Buset om stønad til eit års opphald ved seminar, imot at han batt seg til å take att lærarposten sin. Søknaden vart imøtekomen, mot sidan å vere omgangsskulelærar i 3 år. Buset tok til på Stord seminar i januar 1861 med «ret taalelige» forkunnskapar. Ved eksamen sommaren 1863 fekk han karakterane 2,10 i teori og 2,00 i praktisk. På Stord vart han kjend med ei lokal kvinne, Siri Ottosdotter Lunde, og gifte seg med henne sommaren 1865. Dei nygifte flytta til Våler i distriktet Solør, sør i Hedmark. Der var Buset lærar i over 11 år. Attåt lærarposten hadde han eit lite jordstykke og fora ei 2-3 kyr. Dei lika seg godt der, folk var snille og hjelpsame mot dei.
29. januar 1876 vart Buset innstilt som nummer 1 til klokkarposten i Ulstein sokn og attåt vere lærar i Hasund skulekrins. Sommaren 1876 flytta familien til Ulstein og om hausten tok Augustinus til i begge postane. I fyrste delen av 1890-åra skulte han 20 veker i Hasund og 4 veker i Dimna. Årleg løn og kosthald var då på drygt 622 kroner, vel tre firedelar frå lærarposten og ein knapp firedel for arbeidet som kyrkjesongar. Utanfor skuletida heldt han songøvingar med skuleborna og ungdomar. I godvêr om sommaren heldt dei til ute, elles i klokkarstova på Hovset. Han var ein dugande lærar, ein som prøvde å «uppelske lærehugen åt borni» med premiar til dei flinkaste.
Buset slutta som kyrkjesongar i 1900, og som lærar litt tidlegare. Han vart «svært nervøs sistpå han levde», og mykje plaga av gikt. Siste åra budde han i eiga stove i sjølve Ulsteinvik.