Laurdags kvelden i 20-tida hende ei stygg sykleulukke på Vartdal, som nær hadde kosta eit menneskeliv. Tvo ungdomar, bygningssnikkarar, den eine 25 år gl. den andre 19, kom syklande ned Aarsetdalen, båe på ein ein sykkel. Då dei kom ned til Aarset brotna gaffelen og det barst ikoll. Folk vart straks merksame på ulukka og sprang til for å hjelpe. Det synte seg straks at båe hadde fått so stor skade at dei laut til lækjar snarast mogeleg, og dei vart med ein gong køyrde til distriktslækjaren i Ørsta og tekne under handsaming.
På spurnad upplyser distriktslækjaren idag, at etter måten slapp dei bra frå det båe tvo. Den eine hadde fått knust nasebeinet og var ein del uppskrapa i andletet. Han fekk reise nordatt med det same. Den andre hadde fått heileskaking og laut liggja att her. Han fær reise heimatt imorgon, men lyt halde senga ei stund frametter.
Or Ørsta Avis, 2. september 1935.