Skiulukke i Barstaddalen

Ei 14 års gjente kom stygt til skade i Barstaddalen 1. påskedag om ettermiddagen. Ho var med i eit slalomrenn, og i ein av svingane skar ho ut, rende utføre eit stup og beint i elva som gjekk stor i vårflaumen. Ein gut som såg ulukka hoppa straks uti, og det lykkast han å få gjenta oppatt på snøkanten. Like nedanfor der ho fall uti, går breen enno heilt over elva. Lykka var at eine skia krøkte seg fast. Hadde ikkje det hendt, ville elva ha teke gjenta med seg under snøkanten.

No vart gjenta lagt på ei båre av ski, og nokre av dei andre ungdomane var der bar henne ned til sætrane. Denne turen tok to timar. Her var det møtt fram ein bil som køyrde henne til Barstadvik, og derifrå bar det med sjukebilen til sjukehuset i Volda. Det synte seg at ho hadde brote bekkenbeinet, og elles fått ymse mindre skadar. Ho vil nok få seg ei lang sjukelege, men heldigvis ser det ut til å gå bra med henne.

(Sunnmørsposten, 20. april 1949)