Folk frå fortida – Petter A. Sætre

I 1919 eller -20 kjøpte Petter A. Sætre (1899-1978) motorbåten «Haabet» i lag med broren Alv. Med den 13 fot lange båten, utstyrt med ein 4 hestars Levahn-motor, dreiv dei fjordfiske. Det lønte seg ikkje og i september 1921 vart fartyet tvangsauksjonert. Nokre år seinare, i 1926, kjøpte Petter den 27 fot lange «Torstein» frå Sandsøya. Båten, som hadde ein 6 hestars Alpha-motor, selde Petter våren 1939 vidare til Ole Rønning i Hjørundfjord. Mellomkrigsåra skaffa Petter midlar elles til huslyden gjennom ymse arbeid. Såleis deltok han i islandssildefisket, sommaren 1928 var han ein av fleire vartdalingar fiskar ombord i «Frøy», ein fiskebåt som tilhøyrde Rønneberg i Ålesund. I 1932 fekk «Petter Stupenes» kroner 10 av heradsstyret for «uppmuring av ein vegkant i Flåvikhaugane».

Etter han selde «Torstein» arbeidde Petter i vegstellet. I juli 1942 var han ein av 14 vegarbeidarar frå Vartdal som styresmaktene beordra til arbeid på vegen over Bjørnfjell i Nordland. Elendig kost og svolt, saman med hardt arbeid, prega dei knappe fire månadene «tenesta» varde (Minne frå Vartdalsstranda 2000). Hausten 1950 fekk Petter stillinga som vegvaktar på roten Grønveta–Nøre-Vartdal. Truleg hadde han denne til etter Vartdal kommune i 1964 vart slått saman med nye Ørsta kommune.

I samtida var Stupnes-Petter ein vel omtykt skrønemakar. Fleire av stubbane etter han har levd til denne tid. Sjølv minnest underskrivne frå ein tur til Høgebakken, det var vel sommaren 1975, der Petter sat utanfor selet som han tidlegare hadde kjøpt av Jo-folket. Han sa då at han nett hadde kome frå Skjerva (overgangen mellom Nørevartdaldalen og Romedalen), der han hadde sett nokre nakne Ørsta-jenter. Dette fortalde han så overtydande at ein mest kunne tru det var fakta sant.

Fredag 2. desember 1921 feira Petter og Ragna Tødenes bryllaup på Hospitset i Ålesund. Dei vart i 1922 foreldre til Reidar og i 1923 til Åsta [Dalebø]. Ragna var frå Skredestranda i dåverande Rovde kommune. Familien budde i gamlestova, som framleis står 2026, til sonen Reidar fekk bygt nytt stovehus i 1946. Petter og Ragna dreiv småbruket Stupenes, men eigde aldri bruket.