Brugdefangst i 1959

Vartdalingar i basketak med 400 kilos brugde

Eit utyske av ei brugde hadde vasa seg inn i garnet til ein Vartdals-mann, Peder A.A. Vartdal, fredag kvelden. Han hadde garnet ståande nær land utfor Vartdal-kyrkja på Nordre Vartdal, og mykje folk kom til for å få uhyret på land då dei såg tilburden.

Etter mykje strev og mange slags hjelperåder greidde ein å få brugda på land. Det synte seg at ho var over 4 meter lang, og folk slo på at vekta måtte vere om lag 400 kg.

Det er sjeldan at brugda går inn i fjordane, og det var reine valfarten av Vartdal-folk som ville sjå den sjeldne fisken fredagskvelden. (Sunnmørsposten, 17. august 1959)

Leif Andreas (tv) og Andreas, begge Vartdal, med sporden av brugda.