Folk frå fortida – Anna O. Vartdal (1892-1931)

Anna var nest yngst av seks sysken frå Ingridgarden Barstad. Etter mora døydde i 1896, vart Anna send til Nilsgarden Nørevartdal. Her voks ho som pleiedotter åt morsystera Andrine og ektemaken, hans Nils-Pe. Etter kvart fekk ho status som tenestetaus i Nilsgarden. Ein av skulekameratane, den eitt år eldre Bakke-Jakob, skulle i vaksen alder verte kjærast med Anna. Hausten 1916 gifte Anna seg med Jakob J. Vartdal i Vartdalskyrkja.

Åra 1917-27 gav Anna liv til fem born; fire gutar og ei jente. Dei fire sønene; Johan, Ole, Magnar og Hans gifte seg og bygde seg alle heim på tyfter utskilde frå farsgarden. Det vil seie, Johan tok over gardsbruket og budde i gardsstova. Dottera Aasbjørg levde lenge i hovudstaden, flytta heim til Bakken etter ho vart pensjonist.

Anna vart aldri gardkone på Bakken, for Jakob fekk ikkje skøyte på farsgarden før enn i 1943. Sjølv døydde Anna av «Nyresjukdom», berre 39 år gammal.

Anna O. Barstad i 1913. Fotograf: Sigvald Moa. Kjelde: fylkesfotoarkivet.mr.