Flaumen gjer skade i Barstadvika

Etter det Sunnmørsposten fretter har det gått nokre kraftige lokale regnbygor over Barstadvika. Det regna overlag mykje, medan det nede i sjølve bygda ikkje var meir enn normalt.

Elva fløymde straks opp og ein har ikkje sett den so stor på mange år, fortel gamle folk i Barstadvika, som Sunnmørsposten har snakka med. Den gjekk mange stader over elvebardane som vart revne ut, tok med seg skog og anna rusk og førde det til sjøss. Her og der vart og nokre åkrekantar medtekne, men nokon skade som det er grunn til å nemne er ikkje gjort korkje på potet- eller kornåkrane.

Men markane vart skadde på ymse stader. Soleis var dette tilfelle på Romestrand men kor mykje det kan vere veit ein ikkje med visse enno. Tre små bruer på Barstadsetra vart tekne av flaumen og ein ser ikkje spor etter dei ein gong. Erdalsbrua var ei tid sterkt truga, men ho greidde påkjenninga likevel. Romestrandbrua står og, men her har elva teke mykje av grunnen under eine karet so det må eit større arbeid til for å få den brukbar att.

Sjøen utfor land tok snart farge av det grumsute vatnet og det vart urein sjø heilt inn til Hundeidvik. Ein har teke til med opprydningsarbeid og det er kome folk frå Vassdragsvesenet for å taksere skadene og setje i gang vølingsarbeid der det trengst. Nokon oversikt over skaden har ein enno ikkje.

Sunnmørsposten, 31. august 1943.