Far til Rasmus Bjerknes (1902-1960) var odelsgut til Torgeirgarden Berknes i Volda og trulova med Oline Hovden frå Hareid. Då Rasmus vart fødd i Hareid, var far hans allereie død. Rasmus voks opp i Torgeirgarden og var fiskar ombord i dampbåt frå før 1920. Sommaren 1922 var Rasmus fangstmann på «Veidemann» då skuta forliste i Stretet og mannskapet vart berga etter stride døgn ute i isaudet. Utover i 1920-åra livnærte han seg på fangst og fiske, truleg på båtar knytt til Vartdal. Sommaren 1928 var han med «Kirkholmen» på kvalfangst i Norskehavet. Seinare var han etter tur notbas på «Dolsøy», «Furenak» og frå seinast 1945 på «Lepsøy».
Seint sundagskvelden 28. januar 1945 kom Rasmus uskadd frå det, med hogg og belegg, då britiske krigsfly angreip «Lepsøy» i Rovdefjorden. Elles var han frå 1942 medeigar i den andre «Veidemann», ei skute som forliste i Norskehavet i 1951. 1951-56? var Rasmus medlem i Sunnmøre fiskeristyre, kanskje heilt til han døydde. Perioden 1956-59 møtte han i Vartdal heradsstyre som representant for Årsetdalen krins.
Hausten 1930 feira Rasmus bryllaup med Marta Aarseth på Hotell Romsdalsheimen i Molde. I 1935 kjøpte han eit småbruk under Remen, nokre hundre meter framom hovudbølet. Her vart han og Marta nærast for bureisarar å rekne. Her voks borna opp, no avdøde Reidar og Peder, dottera Åse [Eikrem] lever 2026 i Volda.