Folk frå fortida – Nils Festøy

I dei første harde ungdomsåra laut Nils (1885-1973) ta utvegen til Amerika. Og så framifrå arbeidssterk og allsidig dugande som han var til mest alle henders yrke, kom han snart til å gjerde det godt i det nye landet. Her ute i det framande var det og han fann kona si, Hanna, som tilliks var utvandra frå Noreg. Etter høveleg tid tok Nils og Hanna og den førstefødde seg heimatt til gamlelandet. Og etter dette tok dei så over farsgarden i Festøy.

Det skulle bli her i heimbygda at Nils fekk legg ned sitt drivande og mangesidige livsverk, både på land og sjø. Og han taumkøyrde så lenge dei låke Smale-Hans-tidene at han sjølv vart ein velhalden mann av eigne hender. I grålyse morgontimar sto han gjerne i nybrotet, og dyrka og dreiv heimegarden. Han bygde nye alle husa på garden: løe, stove, fryseri og meir. Nils var og blant pionerane i vår pelsdyravl. I mange år dreiv Nils kystfiske, og var medeigar i motorbåt. Sjølv om Nils alltid var ein mykje oppteken mann i sine personleg yrke, så fann han likevel tid å ofre på ulike off. tillitsombod innan heimekommunen. Han sat i fleire bolkar i kommunestyret, i likningsstellet o.fl. Han hadde framifrå lett for det munnlege ordet, og han målbar seg mellom dei beste. (Paal Myklebust i Sunnmørsposten 16. august 1973.)

Saman med brørne Nils og Bernt Rotnes kjøpte Nils Festøy i 1915 dekksbåten Brodd. Denne båten dreiv dei til 1924, då han vart seld til Finnøy i Romsdal. Seint i 1925 starta Nils Festøy med avl av sølvrev heime på garden, seinare tok han og sonen Osvald til med oppdrett av mink, ei næring som til tider viste att på bankkonto. Nils var medlem i heradsstyret 1920-22 og 1935-37. Likningsmann 1918-20 og 1936-39, medlem i overlikningsnemnda 1934-36. Elles med i skjønsutvalet 1932-34 og frå 1938 medlem i Fiskerinemnda og skulestyret. Politisk sokna til partiet Venstre.

Nils Festøy i 1906. Kjelde: fylkesfotoarkivet.mr.