Bjergede redskaber

Under den årlege fiskja i februar og mars kunne storm og stygge-vêr føre til tap av reiskap. Særleg utsette var fiskarane i bolkar med fleire dagar landliggje. Før Stortinget i 1857 vedtok Lofot-loven, var torskefiskeria berre sporadisk og lokalt regulert frå norske styresmakter si side. Borgundfjord-lova av 1821 var ei slik lokal lov. Siktemålet var å halde oppe orden under det rike fisket i fjordsystemet. Utviklinga mot større og langt meir mobile farty, skarpt konkurrerande reiskapstypar og, for nokre folk, større og dermed livsviktigare innkomstar frå fiskeria, førte til openberre konfliktar mellom ulike aktørar ute på fiskefelta. Til dømes hadde interesse-motsetnadene synt seg ved det svenske skøytefisket på Storegga i 1860-åra. I det neste tiåret utfordra desse og andre fiskefarty sedvanen lokale fiskarar hadde innarbeidd over lang tid.

6. juni 1878 vedtok Stortinget «Lov angaaende Vartorskefiskeriet ved Søndmøres Kyster». Denne omfattande lovteksta regulerte mellom anna kva som skulle gjerast med attfunne reiskap, «bjergede redskaber». Umerka reiskap vart behandla som hittegods og lagt fram for sal, dersom ikkje eigar melde seg. Seinare, etter Redningsselskapet kom i drift, tilfall desse salsinntektene nettopp NSSR.

Under vinterfiskja i 1920 melde oppsynsbetjent Berge Barmen om fleire garnfunn. I Søndmørsposten av 22. mars 1920 har Barmen kunnskap om eit garn, det er vel rettare å seie ei garnlenke, merka O. Rotnes, Lars Rot, Fæstø, B. Rotnes, P.J. Hildremyr og V.L. Masdal. Desse seks karane har då denne vinteren 1920 drive torskefiskje på sunnmørskysten (Vartdalssoga III:274). Det må vere snakk om den 43 fot lange motorbåten Brodd, som i fiskja stasjonert på Alnes i Giske herad. Buktakarane Ole S. Rotnes (1859-1935) og sonen Bernt (1892-1974), Lars Roth (1876-1953) og Vilhelm Masdal (1898-1970) er vi sikre på. Fæstø må nesten ha vore Nils Festøy (1885-1973) sidan han var medeigar i Brodd. Nemnde Hildremyr var Petter Hildremyr (1896-1977), seinare gardbrukar på farsgarden i Hildremyra i Haram. Korleis han vart mannskap på Brodd er heilt i det blå.