Eg hugsar så vel den gongen eg gjekk det fyrste ærendet mitt. Eg var berre fire år då. Det hadde nett komi framandfolk til oss. Eg var ute og leika meg då mor kom og ropa om eg ville gå til butikken for henne.
Ja, det kan du skjøna eg ville. Eg hadde aldri gått så langt åleine før. Mor gjekk inn etter kort og pengar og ei stor veske. Ho bad meg vera snar.
Eg skunda meg i vegen. Eg hadde fylgt mor nokre gonger før, så eg visste kvar eg skulle gå.
Då eg kom til handelsmannen, var det låst: eg skjøna at han var på kaia. Eg byrja sjå litt i butikkglaset. Det eg tykte var det gildaste av alt, var ei biletbok med fine roser i. Eg kunne òg sjå opp i hyllene i butikken. Det var så mange fine øskjer og dåsar. I ei hylle var det sjokolade med fint sylvpapir ikring. Eg ynskte at eg kunne få vera handelsmann og stå og ete sjokolade heile dagen, så mykje ein berre ville.
Snart kom handelsmann opp, og vi gjekk inn. Han spurde meg kva eg skulle kjøpa, og som vel var hadde eg ikkje gløymt det. Det var eit kilo smør eg skulle ha. – Men eg vil ha det med dei fine rosene på, sa eg. Då lo handelsmannen litt. Eg skunda meg og betalte og fór heimetter.
Ho mor tykte eg hadde vori snar og var velnøgd med ærendsgjenta si.
Norsk Barneblad. Nr. 21-22. 31. mai 1947.