Kvinne alvorleg skadd på Vartdal

Den 55 år gamle Petra Ødegård frå Vartdal ligg på Fylkessjukehuset i Volda med stygge skader ho fekk ved eit trafikkuhell som bar til på stamvegen like ved Gamleheimen på Nordre Vartdal laurdag i 16-tida. Ho har fått eit stygt lårhals-brot og eit leggbrot, og ein ottast også indre skader.

Ulykka skjedde då ein Molde-bil kom køyrande sørover frå Festøy. Vegen er brei og oversiktleg, og kvinna stod på nedste vegkanten og vende seg frå vegen. Brått gjekk ho rett fram i køyrebana, og bilisten hadde ingen sjanse til å unngå uhellet. Han kasta vogna oppover, men kvinna vart råka av høgre skjermen og slengd oppom vegen, der også bilen vart ståande i ein moldbare. Lækjar vart straks henta, og sidan førde sjukebilen den tilskadekomne til sjukehuset.

Bilføraren kan ikkje lastast for ulykka, seier lensmann Gustav Skodje. (Sunnmørsposten, 9. oktober 1959)