Ein privatbil frå Barstadvik som skulde til kyrkje igår gjekk utfor i stranda millom Vartdal og Nøre Vartdal. – Bilen gjekk runt og vart liggjande med hjula i veret.
Bilen var open. – Det var 5 menneskje i bilen, og desse vart kasta ut. Berre han som køyrde, Ludvig Volle, vart liggjande under. Dei fekk velt bilen so mykje tilside at dei fekk han fram. Det viste seg då at han har fått ein del skade, Dr. Bærøe frå Ørsta vart bodsend og kom og såg til den tilskadekomne. Etter det lækjaren opplyser har Ludvig Volle fått lettare hjernerystelse og nokre andre småskader, men det står elles vel til.
Årsaken til at bilen gjekk utfor er ikkje heilt viss. Volle fortel at han fekk ikkje styregreidene til å virke. Dessutan er vegen dårleg. (Sunnmørsposten, 9. august 1937)