Verst har det sikkert vore i Barstadvika som ligg særs utsett til for vestveret. I natt ved fire-tida bles eit nytt vånehus overende. Det var ikkje ein gong teke i bruk. Det var det nye murhuset til Henry Barstad. Taket vart reve av og førd om lag hundre meter bortover til Andreas Vattø, som er næraste nabo. Det råka bort i huset hans, men fekk ikkje gjort nemnande skade. Folk vart varsla om tilburden på denne måten, men dei kunne ingenting gjere for å berge det nye vånehuset. Etter at taket var vekke fekk stormen godt tak i brystveggen. Som vart trykt inn. Mursteinane la seg over loftsgolvet, og bjelkane som vart knust. Etterpå vart også den andre brystveggen innslegen og no står det berre restane att av dei andre veggane. Huset er totalt øydelagt, vert det meldt frå Barstadvika.
Elles har stormen reve taket av ein gjødselkjellar og andre uthus, men dette vert heller småskader, samanlikna med huset til Henry Barstad.
Nede ved sjøen har og stormen herja stygt. Verst har det gått utover fiskestablane som var til tørk. Flakane er blesne vekk og fisken spreidd rundt omkring. Om lag alle fiskestablane har lide skade. I dag har ein fullt arbeid med å samle klippfisken opp att.
Langs stranda til Vartdal er telefonlinene kome i uorden, men det har til all lukke ikkje hendt noko slag uhell eller skader.
(Sunnmørsposten, 3. oktober 1949)