Det var bygdafolket på Nordre Vartdal som skipa til for årsmøtet i Vartdal helselag søndag. Fru Solveig Vartdal leidde møtet, og ynskte alle velkomne. Etterpå las fru Vartdal ein god prolog som var skreven for høvet.
Formannen i Vartdal helselag, fru Liv Grønnevet gav eit attersyn over året som var gått. Det viktugaste arbeidet helselaget driv, er å halde ei fullt utdana sjukesyster. Dernest driv laget med småbarnskontroll. 131 har vore med siste året, 7 nye har kome til, og 2 stykke bortsende til vidare handsaming av lækjar. Den største vansken her, er å ha høvelege rom i dei ymse bygder til dette. Utanom dette har laget gjeve tilskot både til åndsveikesaka, dauvesaka og kreftsaka.
Pengane til å driva dette arbeidet har laget fått ved innsamlingar, årspengar, og dessutan gåver frå Vartdal kommune med 2000 kroner, frå Vartdal Sparebank og fylkes- og landslaget. Men utlegga har auka så sterkt at ein har måtta brukt av tidlegare innsamla pengar.
Fru Randi Vartdal las opp rekneskapen som synte ei samla innkome på 12161 kroner og samla utlegg på 11 307 kroner.Det laget eig, er bokført med 5143 kroner. Helselaget har eige filmapparat.
For å greia dei auka utlegga, vart årspengane auka, likeså dagpengane for sjukerøkt.
Arbeidslag i dei ymse bygdene har sytt sengutstyr til den nye gamleheimen av ty helselaget har kjøpt. Dessutan har laget inneståande 2000 kroner som gamleheimen skal ha. Det vart vedteke å koste utstyr til dagstove for desse pengane.
Etter årsmøtet skifte programmet med song av Petra Festøy med tonefylgje av Randi Festøy. Etter matykta, heldt fru Leinebø eit sers greidt og orienterande foredrag om dei ymse arbeidsoppgåver fylkeslaget arbeider med. Formannen i helselaget bar fram ei takk til syster Randi Volle og jordmor fru Marta Sandviknes-Årset for det store arbeidet dei har lagt ned mellom dei sjuke og borna i året som gjekk.
Til slutt spanderte bygdafolket på nytt mat på dei som var komen utanbygds frå, og dei takka mykje for stor gjestmilde.
(Sunnmørsposten, 25. februar 1954)