Halfdan Loland sin artikkel om «Isflåmannen» har aktualisert eit naturfenomen, som har vore kjend i mannsaldrar på Søre Sunnmøre – fjellet «Isflåmannen» på Nøre Vartdal som «skyt». Men for bygdefolket sjølve har dette etter kvart vorte eit så vanleg fenomen at det har gått inn i deira rytme, dei har difor ikkje brytt seg med å gå til lærdomssæta med bøn om å røkja etter kva dette kan vere.
Men etter det avvisande svaret som Halvor Rosendal ga Loland, har bygdefolket sjølve vakna. Ein artikkel av lærar L. Aarskog har nett stått i Sunnmørsposten, og nyleg var den over åtti år gamle bonden Andreas Aarskog oppom redaksjonen med eit svar.
Aarskog meiner, som rett er, at dei som bur under brattfjellet veit nokså nøye korleis eit steinsprang verkar og nektar på det mest bestemte at skotet frå «Isflåmann» har noko med dette å gjere. Han meiner at det no er på tide for granskarane å få røkje etter kva dett er. Men det får ikkje vere «frosne» karar som skal løyse gåta. For å kome til staden må ein fire seg 60-70 meter nedetter slette berget.
– Dersom ikkje ein helikopter kan nyttast, – seier A. Aarskog, og gjev denne utgreiinga om fenomenet; i Sunnmørsposten 25. januar finn me ei brevveksling mellom Halfdan Loland og Halvor Rosendal om «Isflåmannen» i N. Vartdal. Og eg må sei, at eg med stor interesse har fylgt med i det som har vore skrive om dette, og kan vitne om at det er noke utanom om det vanlege. Eg er no ein gamal mann, og har hatt høve til å sjå og høyre dette fenomenet frå eg var ungdom. Det er ei utstråling som kjem til syne om lag kvar sommar, og ofte mange gonger om året, men med svært uvisse mellomrom. Stundom ser me det ein og tvo gonger og so ikkje meir; men det kan og treffe at det varer mest heile dagen, kanskje 20 gonger og meir. Strålen kjem ut or eit stupbratt fjellflog, der ingen kjem inntil. Strålen er tynn å sjå til, tett inn med fjellveggen; men vidar seg snøgt ut etter som det kjem lenger ifrå fjellet og burt i dalen. Å sjå til er det svært likt ein stimkjel som blæs over. Samstundes kan det høyrast ei avdøyvt smell, lik lyden av eit byrseskot på noke lenger fråstand.
Staden der strålen kjem ut, er det som nemnt heilt uråd å kome opp til, einaste kunna vere om ein våghals ville late seg fire ned dei 60-70 meter ifrå fjellrøra etter ein stålvire, eller nokon ville stryke langs fjellveggen med fly eller helikopter. Då ville ein kunne få sjå og fotografere der strålen kjem ut.
Når det er er nemnt at det kan vere steinsprang som det ryk av, kan eg forsikre at det har ingenting med stein å gjere, me som bur her under stupbratte fjellet, er velkjende med steinsprang som det ryk av: men dette er heilt ulikt, og det dett heller ikkje stein ned korkje store eller små ved denne utstrålinga.
Om namnet «Isflåmann» kan eg nemne at fjellrøra, der det ovrar, har vore kalla Isflåa so lenge nokon veit om, og når mann har kome attåt har det sikkert si årsak i smellen som liknar eit byrseskot. Så har det vorte til at der ligg ein mann med byrse – –
Me ville vere svært takksame og glade om nokon ville kome hit på staden og prøve røkje etter det gamle mysterium som ovrar seg her, og som har vore høyrt og sett so lenge nokon veit om. Men det er uforståeleg at folk som ikkje har vore so langt at dei feier det av med at det er vanleg steinsprang, akkurat som dei trur at me som bur her ikkje kunne skjelne mellom stein som ras ned etter fjellsida – med røyk etter seg – og dette som skyt rett ut i frå fjellveggen, og som det ikkje dett so mykje som eit sandkorn frå.
Andreas Aarskog (Sunnmørsposten 15. februar 1956)