50 konfirmantar i leir på Vartdal

Dei siste dagane har det vore ein leir for konfirmantar på Nordre Vartdal. Leiren var tilskipa av det Det norske Misjonsselskap, og er den første for konfirmantar på Sunnmøre. Nyskulen har så å seie vore stuvande full frå kjellar til loft desse dagane av konfirmantar frå Hjørundfjord, Ørsta og Vartdal. Om lag 50 har vore med og stort fleire kunne ikkje få plass.

Pastor Per Flacke har vore leiar for leiren, og saman med dei 10 hjelparane sine, har dei hatt hendene fulle av å planlegge og leie det heile. Og alt har gått greitt. Kursleiaren fortel at gutane og gjentene har vore delte mindre grupper. For kvar gruppe har det vore ein leiar. Programmet har skift med samtalar, misjonsforedrag, fotballkampar for gutane og mykje anna. Kvar kveld har det vore ope møtet på Samlingshuset, for bygdafolket.

Stuert Rolf Barstad har stått føre matstellet, og saman med dei faste hjelparane sine, har han sytt for at det vart god og nok mat til alle, Konfirmantgjentene har hjelpt til med å bere maten fram. Dei har vore delte i lag, og kvart av dei har hatt ein tillitsmann.

Sundag var det gudsteneste i Vartdalkyrkja i samband med leiren… Då festmøtet var slutt, kom badedraktene fram, og gutane og gjentene sprang til badeplassen for å få seg eit friskt sjøbad saman med leiarane sine.

Det er berre naturleg at konfirmantane treivst svært godt på denne leiren. Og då vi spurde nokre om det, kunne dei fortelje at både leiren og leiarane var alle tiders – og at dagane hadde gått så alt for fort…

Bygdefolket har under heile leirtida vore sers hjelpsame på alle måtar…

(Sunnmørsposten, 17. august 1955)