Gardbrukarane på Nordre Vartdal har mykje gått over til saueal. Fealslaget i bygda hadde på siste kommunestyremøte sendt søknad gjennom jordstyret om å få nytte ein sum pengar til kjøp av kontrollvekt til laget. Desse pengane var sette til jordbruksføremål, og jordstyret hadde tilrådd søknaden.
L. Aarskog: Kva slag pengar dette er? Er det hundepengar? Eg har høyrt dei skal kjøpe hund òg?
Ordførar: Kva skal han gjere då?
Aarskog: Han skal fare inn i urene og plukke fram rev.
O. Myklebust: Det er visst samla inn ein del pengar og til å kjøpe hund for.
O. Barstad: Det vert vel vanskeleg å kome til kyrkje òg då?
Aarskog: Ja, det kan du ta gift på. Nei, hundebeista er det verste eg veit.
Ordførar: Men det er vel revehund det skal vere?
Aarskog: Hundane tek no folk og dei, det veit eg!
Etter desse replikkane fekk sauealslaget løyve å nytte pengane til kjøp av vekt.
(Sunnmørsposten, 9. mars 1961)
Ordførar var Paal Myklebust. Elles Lauritz Aarskog, Olav Myklebust, Olav Barstad.