Ja no ekje de lengje for folke som e atte her gløyme både hånå Fostervoll å programma hass. Nei, no verte de Havmann, Sjøfuglen, Osnes å alle dei andre båtane å folkje der ombor so verte radioprogram.
Måtte dei berre få godt ver og drage rikeleg med sylv oppor hava. Oss trenge pengane so vel ti kommunå. Den so en gong he reist itte vartdalstrandinne veit å fortelja oss at disse vartdalingane e eitt trautt folkeslag so ikkje greie å halde veien sin i stand. Men de ingjin so fortel at de dei so bruka håna minst. En del ta dinne veia va bygt fordi folk skulde koma se ti kirkje, å no rasa ti tonns lastebilar itte veia å kløyve håna so synde at vartdalingane bruka halve budsjette for å halde molane i hop. De skride no heldigvis framover med nyeveia, men om han verte ferdig ditte hondreåret e no i de blå. Det spørst no kva velvilje han Einar og han Kolbjørn og disse so styre med de ser på dinne vestlanske stamveien.
*
De fole mykje [nye] folk i heradstyre dinne gongjin. Dei gamle sa takk for se. De ser slik ut at dekje noka ære å site i heradstyra lenger, ka de no kan kome ta. Berre kvar gong de ska veljast ordførar då e de litt spenning å folk spør: Kjøme han frå nord eller sud om Stupeneset? Her stende grenså, å en lyt av å te ondre se på om de e to folkerasar på Vartdalstrandinne. I alle dei år e de no vore loddtrekkjing om ordføraren, men no e den sorja slekte – no e der en mann meir synnja i Stupeneset å der vil nok ordføraren verte verande so leingje Vartdal ei eia kommune.
De sume so seie at no e de like før Vartdal ska innonde Ørsta. Ja, då verte nok sjilje på Stupnesa fort tikje burt. Likso Harald Hårfagre samla sitt rikje, vil nok Vartdal då samle sitt. (Kristpinus, Smp 4. januar 1956)