Maskinar for over 100000 strauk med under fabrikkbrannen på Vartdal laurdag

Seks-åtte mann vart arbeidslause og fabrikkeigaren leid eit stort økonomisk tap ved brannen som laurdag føremiddag la Rekkedal & Co.´s møbelfabrikk på Nordre Vartdal i oske på under ein time. Huset, ei eldre brannfarleg sjøbud i ei og ei halv høgd, som var ominnreidd til fabrikkføremål, vart totalskadd og var trygda for berre vel 20000 kroner – opplyser lensmannen i Ørsta, Gustav Skodje til Sunnmørsposten. Ei rekk nye maskinar og heile varelageret strauk med, og dette var trygda for berre 85000 kroner. Trygdesummane dekker på lang nær skadane.

Brannårsaka er enno ikkje heilt klårlagd, fortel lensmannen som arbeider utifrå to teoriar. Anten har glør frå omnen trengt ut gjennom ein lekkasje i skorsteinen, eller årsaka kan og vere feil ved den elektriske installasjonen der brannen braut ut. Vidare etterrøkingar i dag vil klårlegge dette.

Fabrikkeigar Sverre Rekkedal har nettopp fullført eit nytt fabrikkbygg i betong i ei høgd, og dette skulle takst i bruk med det aller første. I det høve var fleire nye maskinar innkjøpte, men førebels tekne i bruk i den gamle bygningen. Ein har såleis lokale ferdige til drifta – men det vil nok gå ei tid før ein kan skaffe dei turvande maskinar, slik at fabrikken kan kome i gang att.

Brannen braut ut kl. 10.50 laurdag føremiddag, og ein stod heilt hjelpelaus slik at heile bygningen var ein oskehaug på under ein time. Det byrja å brenne under taket i nærleiken av skorsteinen og eit elektrisk lampefeste. Arbeidarane storma ut etter vatn, men før ein kom tilbake stod logane opp alle stader, slik at det var heilt uråd å kome til for å sløkkje. Berre skorsteinen står att på den svarte branntomta.

Jamvel om det vel i dette høve hadde vore til lita hjelp, er brannen ei ny påminning om at det hastar med å bygge ut brannvernet på bygdene.

Rekkedal & Co. er ei av dei større verksemder i Vartdal, og brannen er eit leitt uhell for næringslivet i bygda. Verksemda har hatt opp til 12-15 mann i arbeid. (Sunnmørsposten 24. mars 1958)