hadde skipa til fest på morsdagen. Festen som var leida av sekretæren i laget fru Anna Årskog, vart opna med andakt frå husmorbladet. Sokneprest Norderval som var til stade og heldt festtalen, om Luther og hans hustru. Ei skildring frå hennar liv som mor og husmor. Eit sers interessant emne som der var både alvor og gaman i.
Eit musikklag frå Vartdal gav fleire gode musikk- og songnummer som var til stor hygge for festlyden. Elles vart det songe morssongar av nokre gjenter frå staden med orgelfylgje av Borgfrid* Vartdal. Det handskrivne blade «Husmora» vart upplese av fru Laura Vartdal med godt innhald. Etter kaffipausen var det salg av morsmerker og utlodding av ei dokke til inntekt for morshjelpen. Loddsalget gjekk godt.
Syster Anna Vartdal avslutta med andakt. Den framifrå hyggjelege festen slutta med songen: Dagsens auga sloknar ut. (Smp 2.2.1941)
*Truleg Møyfrid frå Jogarden.