Glimt frå Vartdal

Nyårshelga ligg attanfor. Det er til att med havrelefsa og striskjorta. Så er vi inne i den tida det øydest med mannfolk i grendene våre. Frå nykonfirmanten til gamle gubben pakka sekken og drog i nyårshelga. No står dei snart klar til å hale inn sølv. Berre vêrgudane vil vere nådige no i vekene framover så skal det verta liv både på sjø og land.

Sjeldan har vi vore velsigna med snø som denne vinteren. – Eg har aldri i mitt liv opplevt noko slik, sa ei kjerring. Ho kom midt opp i rennefoket og trong tre kvarter på å gå ein kilometer. Då skulle det vera nok sagt kor det har vore somme dagar her med oss.

Rutebilane tek no meir og meir over trafikken. Dei går heilt fram til Festøy, og kaiane i N. Vartdal og Barstadvik er lite i bruk. Elles ser det ut for at Ørstavik vert byen for vartdalfolket. Før var det skikk og bruk at dei reiste til Ålesund når ein større handel skulle gjerast. No går ofte turen til Ørstavik i staden.

V. (Sunnmøre Arbeideravis 3.1.1956)