Høge-Skolma er 2000 fot. Den bratte fjellveggen hev eit breitt bryst som tek av for stormane frå storhavet og Breisundet.
Det er ikkje so greit å kome opp Breisundet når landsynningen blæs so havet står i rok radt nedunder Godøya.
Um vinteren når ein ligg på torskebankane og ser snøfoket på Skolma, kan ein oftast vente å få seg ei våt trøye før ein når til lands.
Gamle Liset-Ola fortel: «Då eg rodde fiskje, var det ofte me laut leggje att båtane innafor djupet og ta nisteskrinet under armen og ein torsk i handa og gå heim, for Breisundet var blese turt.
Utdrag frå artikkelen ’Brandal’ av Asbj. Brandal i Møre Tidend av 11. september 1919.