Folk frå fortida – Murte-Jo’ans

Johannes Ellingsson Nørevartdal (1810-1879) var eldst av dei seks borna til Brit Persdotter og Elling Hansson i Pegarden Nørevartdal. Etter å ha vore leiglending i all si brukartid, kjøpte Elling i 1848 Pegarden og var i kort tid sjølveigar, før han skøytte eigedomen over på den komande svigersonen Jakob.

Johannes, som vart kalla Murte-Jo’ans, kan ikkje ha vore som hittfolket, visseleg vart han rekna som mentalt tilbakeståande (ei nemning milevidt frå den tids ordbruk). Tilnamnet Murte kan vere avleidd av verbet murre. I så fall vil ein tru det kan ha vore slik at Johannes laga brummelydar når han skulle uttrykke seg, og at han ikkje hadde utvikla tale. Er dette rett, kan denne mentale tilstanden vere «medfødd», eller ha kome på i ung alder. Nokon sikker diagnose på kva det var med han, er det neppe mogleg å stille i dag. Men det er verd å merke seg at han levde i nærare 70 år.

I 1865 budde Johannes hos systera Pernille på Osnes i Ulstein, ti år seinare hos systera Anne i Hansgarden på Årskog, der han også døydde. Dette tyder på at han vekselvis har vore i pleie hos enkelte av systrene sine. Omframt dei to nemnde systrene, hadde han systrer som var gardkoner i høvesvis slektsgarden Pegarden og på Holsækre i Ulstein. Eldste systera hans var busett i Ålesund, i hennar småkarsheim kom han nok ikkje. Johannes hadde kår av Pegarden, det hadde han neppe hatt om ikkje faren vart sjølveigar. I fall ikkje hadde han levd eit kummerleg tilvere på legd i prestegjeldet, og vorte skild frå livet lenge før 1879.