heldt ei festleg samkome sundag den 30 mars. Det skulde vera som ein «avskjeds-fest» for dei som skulde reisa or bygda, og festen vart leidd av formannen, Johs K. Vartdal. Det vart byrja um kvelden kl 8 med songen: «Kva me vil, ungdomsflokk». So vart det felespel av Olav Vartdal [Vilkegarden] og Hans Vartdal [Sæssnilsgarden]. Ottar Volle [frå Gjerdet på Vollane] slo akkordane til på gitar. Det var dei kjende slåttane til Per Bolstad som vart spela. Serleg åtgaum vekte «En landsbyrose» og «Fagre Sunnmør». Sidan heldt lærar [Olav] Myklebust ein lærerik og forvitneleg tale. Det var uppdagainga av Amerika, den nye verda, han hadde valt til emne, og talen fekk god fagning.
So vart det handskrivne bladet «Ungdom» upplese av Ottar Volle. Det hadde denne gongen mykje nytt å fortelja, og jubelen stod høgt når dei likaste strofene vart upplesne. Millom anna hadde bladstyraren ein god revy å traktera «publikum» med. Etterpå laut musikarane fram att.
Tilslutt skulde det vera leik. Men på grunn av noko serleg som kom i vegen frå gjentone si side, so vart møtet avslutta og alle gjekk kvar til seg.
Meldar i Ungdomsvon nr 14/1930.