Folk frå fortida – Ole S. Myklebust

Ole S. Myklebust (1885-1952) var frå Syvringarden på Myklebust og vart nemnd Syvrin-Ole heile sitt liv, endå om han budde i Myrane på Sætre størstedelen av livet. I ungdoms- og manndomsåra reiste han mykje som skyttar på ishavet, Kvitsjøen og Vestisen. Og han var mellom mannskapet som i 1930 fann att Andrée-ekspedisjonen på Kvitøya. Sidan 1933 arbeidde han heime på Vartdal, dei siste åra på sjøhuset til Vartdal Fiskeriselskap.

Ole var i all si ferd ærleg og sann både i stort og smått. Aldri bad ein honom til fånytta om ei handsrekning. På solklåre vår- og sundagar var han ofte å sjå i skog og fjell, og seinast siste hausten råka vi på han. Han var glad i naturen og kjenslenem for alt som levde og anda der. (Sambygding i Smp 6.1.1953)

Ole var gift 1913 med Gurine frå Hansgarden Sætre. I 1917 bygde dei bustadhus i Myrane på Sætre. Seks born voks opp i heimen deira: Sverre, Ingrid, Hans, Signe [gift Øye], Andrea [Overå] og Odd.

Ole S. Myklebust i 1907. Fotograf Enok O. Simonnæs. Kjelde: fylkesfotoarkivet.mr.