Hans Ivarsson Aarskog er eit av desse menneska som har vorte gløymt. Han levde så kort eit liv, og gjorde neppe så mykje av seg at han skulle verte hugsa og seinare omtalt av andre enn sine sysken og nære jamaldringar. Og truleg finst det ikkje fotografi av han, endå ein grunn til gløymsle. Det er også eit moment at næraste slekta i Vartdal døydde ut før 1970.
Hans var det åttande og yngste barnet til Jakobine Eliassdotter og Ivar Nilsson i Ivagarden på Årskog. Fiskarmanntalet for 1912 fortel at han i 1911 og mykje truleg også i 1912 dreiv «havfiske», temmeleg sikkert som mannskap på ein av av dekksbåtane frå Vartdal-bygdene. Hans var fødd 25. mars 1896 og døydde 23. november 1912 på amtssjukehuset i Molde av «Tarmbetændelse». Fem dagar seinare vart han gravlagt på Vartdal kyrkjegard.