Barstadvik-muséet flytt til Sunnmøre Museum

Kjøpmann Hans S. Barstad var ein mann med mange og sterke interesser. Han var ei levande kraft i ungdomsarbeidet i Barstadvik. Handyrka songen og var ein mykje dugande spelemann. Og so samla han på soge og segn i bygda.

Han samla ogso på gamle ting, klæde, reiskap, kopp og kjerald, stutt sagt alt slikt som folket i Barstadvika hadde brukt i helg og yrke i fara tid. Dei fekk ei gamal stove og fylte henne med slike ting. Barstadvik hadde fått sitt museum.

Hans Barstad fall frå, og muséet stod der lite påklaga. Ingen passa på det. Sjeldan var der nokon som såg inn i huset. Det og samlinga stod der til ingen nytte og mykje utrygt. Det hende at der kunne kome seg inn andre enn slik som hadde syn og sans for dei verdiane som låg i museet.

So for eit par år sidan vart ervingane etter Hans Barstad og bygdefolket elles samde om å be Sunnmøre Museum ta mot Barstadvik Museum og legge det til samlingane i Borgundgavlen.

No er samlingane kome dit. Måndag var museumsstyrar R. Buset med motorbåt i Barstadvik og henta dei.

Det var ei mykje verdfull samling. Der var to heilage, kvite steinar, tre spagrev, som no er mykje sjeldsynte, heller mykje gamal, fin tekstil, treplogar og trehorver, koppar og kar, skjerdingar, ein av tre hadde vore fest i randåsen med ei vidje, støypeformer for syljer og knappar, ei fin gamal seng, gamle rokkar og våpen og mykje meir.

Borna til Hans Barstad ga muséet ogso fela etter faren, ei fin, meir enn hundreårgamal hardangerfele.

Det meste av dette ville no ha vore burte om ikkje Hans Barstad hadde samla det. I Sunnmøre Museum vert det eit varande minne om livet i Barstadvik i gamal tid. Der går det inn i det framifrå gode biletet som muséet gjev av den gamle bygdekulturen på Sunnmøre. Der finn dei det att, både sunnmøringar som vil møte feders liv og ferd, og vitskapsmenn som vil granske den gamle folkekulturen vår…

Utdrag or Sunnmørsposten 1. juli 1949