Folkeskulen i bygda har lenge stridt, og strir, i så usle kår at modet og tolmodet no er slutt, og foreldre som er ottefulle for borna sine talar seg i mellom om å gå beinveges til vedk. departement, og til oversynet og helsestellet i landet, med bøn om å finna rådbøter i nauda.
Dei lokale styra i bygda har i mange, mange år munntogge denne sak, men det positive arbeidet med skulebygget har dei alltid «gløymt». Det krev litt personleg mod å ta avgjerd, og gå til handling i saker som er relativt store.
Etter at skule-lova kom i 1860 og sette stengje for den utgamle skipnaden med omgangsskular i bygdene, vart det også bygt ei skulestove i Barstadvik. Denne skulestova svara nokolunde til tida og skulekravet då. Det var ikkje så mange born i bygda den gongen, og i den vesle skulestova vart det skipa til såkalla «samla skule». Denne skuleskipnaden var eit bra framsteg den gongen, men at bygda laut gjera seg tent med dette framsteget heilt fram til midten av fylgjande århundre (1959) det hadde vel neppe noko drøymt om då. Nei, ikkje sjølv dei mest konservative av gamlekarane. Men såleis vart det. – Denne vesle, og første skulestova i bygda, som no truleg ville høva på museet i Borgundgavlen, er enno einaste folkeskulen i krinsen.
Barstadvik har vore i sterk vokster, serleg i den siste mannsalderen, og bygdefolket er eit dugande, næringsdrivande folk som veit å skape seg gode innkomer både frå sjø og land. Folketalet og barnetalet har auka snøgt, og folkeskulen laut alt tidleg gå til deling. Først 2-delt, og seinare 3-delt skule, med 2 lærarar. Dei siste åra har det endå vore spørsmål og 4-deling av skulen, men slik stoda er, lyt alle draumar om praktisk deling fare.
Den vesle 70-80 år gamle skulestova vart meir enn sprengd, sjølvsagt. Og i 1937 vart nauda så stor at ein av lærarane laut flytta ut i bygda med klassa si, og såleis ta til med ei etterlikning av den gamle omgangsskulen, og alt til idag er den «omgangsskuleskipnaden» legalisert og praktisert i Barstadvik.
Dei 2 første åra fekk denne «omgangsskulen» «halda hus» på loftet hos ein privatmann. Borna laut springa to tropper opp før dei fann fram til klasseromet sitt, og i fristundene laut dei leika på bygdevegen. Desse 2 åra vart ei hard røyning for sjølvfolket. Tropperenning og ungesjau vart så sjenerande at husfreden vart skipla, og skulen laut ut på vandring att.
Men det synte seg at den gamle «omgangsskulementaliteten» ikkje var så levande lenger i folket at nokon godviljugt ville hysa skulen. Endelykta vart difor at skulen laut ta til takke med eit lite rom (3,85×3,80 m) hos ein husmann som paktar den gamle lærargarden. Mannen sjølv har mange born og bur trangt. Her i dette vesle romet vart så 1. klassa (7-8-åringane) i Barstadvik stua saman til skulearbeidet sitt. Desse 14 småborna som i dag strir i dette «fangehole», har saman med læraren sin mindre enn 1 kvm golvflate åt kvar, og lågt er det under loftet, 2,60 m. Romet er heller ikkje så stort at det gjev høve til, på rimeleg vis, å ha sitjeplassar åt alle borna, difor lyt dei kline seg seg saman 3 og 3 på kvar pult, og dermed der den sak i orden.
Korleis kan slikt gå til i vår tid? Lyt folk spørja. Er bygda krigsherja, eller er tiltaksløysa og fatigdomen så heilt opp rådande at dette lyt så vera? Ja, nokon kvar må vel spørja slik. – Men svaret er at bygda korkje er krigsherja eller tiltakslaus, eller fatig.
Tvert i mot. Folk er jamt over velståande og like eins kommuna. Og ikkje eitt hus er krigsherja, materielt sett. Elles var denne sak med å bygga ny skule, aktuell lenge før krigen.
Såvidt ein kan skjøna heng løysinga av denne sak attende på vantande evne og/eller vilje hos dei ymse bygdestyra til å fremja [dette] tiltak.
Denne «gordiske knuten» som desse ymse bygdestyra har knytt denne skulesak inn i, lyt ein no hermed be dei høgare instansar – skuledirektøren og fylkesskulestyret – gjera vel å hogga over snarast, så ein kan spara bygda for større ulukkor både i folkelivet og folkehelsa.
Or Sunnmørsposten, 19. februar 1946.