Vintersildfiske 1958 M/S «Osnes»
Vintersildfisket starta seint. Det var svært lite sild å finne. Første fangsten vart tatt ved Vallabodane 4. februar. Slutta turen den 20. mars. Totalkvantum 4700 hl. Det går sakte nedover for kvart år. So ser det ut for, at det snart er slutt med sildefisket. Det var båtar som ikkje hadde sild denne vinteren.
Trålfiske 1958 M/S «Osnes» Finnmark
Det vart skift vinsj i Brattvåg. Før var det vinsj på 5 tonn. No vart det innsett ein på 12 tonn. Avgang til Finnmark. Dei leverte fisken i Båtsfjord. Fisket var stort sett brukbart. Den 13. juni vart skipper Leiv Myklebust ramma av hjerteslag. Han seig saman i rorhuset på fiskefeltet. Dei sette kurs for Berlevåg, som var nærast. Men han døde før dei kom inn. Han vart 45 år. Han hadde vore skipper på «Osnes» i 12 år. Det var ein særdeles dyktig kar. Han visste ikkje det mangla hjertet noko. Han var litt overvektig. «Osnes» avslutta turen og kom heim. Leiv blei begraven på Vartdal.
Tråltur 1958 Grønland M/S «Osnes»
I juli blei det gjort klart for trålfiske ved Grønland. Johan J. N. Vartdal var skipper. Det var basert på levering til A/L Utrustning Grønland. Fisket var stort sett brukbart. Dei kom heim først i oktober. Luten var 3470 kr.
«Osnes» dreiv vintersildfiske fram til 1965. Boka som eg førde kvantum og leveringsstad i, er bortkomen. Det var små kvantum for året i forhold til åra før. Fisket var på eit lite område, frå Ona til Kristiansund. Samtidig var det ein stor flote på små forekomstar. Siste vinter var det ikkje meir enn for utgiftene.
M/S «Osnes» dreiv trålfiske på Finnmark og Bjørnøya til 1966.
Etterord
Eg har skrive dette for å gje eit inntrykk av drifta til den havgåande fiskefloten dei siste 40 åra. Når det gjeld vintersildfisket, har eg prøvt å få fram den måten silda forlet kysten på. Silda gytte i eit område frå Egersund til Kristiansund. I 1952 leverte vi ikkje sild sør om Florø. I 1954, som var det største sildeåret for «Osnes», var all silda fiska nord om Måløy. Frå 1959, til vi slutta 5 år seinare, fiska vi silda mellom Ona og Kristiansund-felta.
Silda kan vel kome tilbake til dei gamle gytefelta. Men med dei nye redskapar og midlar til å leite den opp med, kan den bli oppfiska [ute] på havet, so det er lite som kjem inn.
Eg er takksam for å ha fått vere med i denne sildeperioden. Det har vore eit interessant og spennande liv. Eg har vorte kjend med notbasar frå heile kysten. Det var mange av dei det var ei glede å verte kjende med. Det var ofte vi kom på lag når det var store kast.
Eg selde M/S «Osnes» til Steinshamn i 1966. Ein av kjøparane var kvalskyttar, og dei dreiv etter kvalen med båten.
M/S «Osnes» var bygd i Kristiansand i 1916. Båten blei kondemnert i 1978.