Folk frå fortida – Karn Barstad (1857-1949)

Gamle Bø-Karn [Karen Marie Iversd. Barstad] døydde siste laurdag – 92 år gamal. Lenge har ho vore eldste menneskje i Vartdal, og så sterk til helse som ho var, og slik ungdomshuglag ho åtte, måtte nokon kvar tru seg viss om at her levde ein hundreåring opp. Eine vinteren glatt ho på golvet og braut lårbeinet, og dette vart hennar bane. Beinet ville ikkje gro, og senga tærde snøgt opp den jarnhelsa som eit balsamt liv ikkje vann knekkje.

*

Karn Follestad heitte ho som gjente, og var fødd på Follestad i Ørsta i 1857, og var såleis ein renning or den langrøtte og vidkjende Follestad-ætta. Her på denne tradisjonsrike garden [Iverhaugen] voks Karn opp, og desse banda heldt gjennom heile livet. Ho rødde ofte om barndomsheimen. Men serleg var minne hennar knytt til Rondalsstølen der ho som ung gjente stjorna det talrike Follestad-feet. Og dette var noko til sæterstøl –! Mang ein fjellvandrar har gjennom tidene fortalt segner om dei botnfeite rjomeringene, raudkokt løpedravle og rjomegrauten som Rondalsstølen kunne by på, og Karn var gjestgjæv og venekjær så ingen trong gå svolten framom selet hennar.

*

Mellom Barstadvik og Ørsta går eit lettfare fjellskard i bytelina. Før i tida, meir enn no, grodde dei ikkje att desse fjellstegane mellom grannar. Det vart kjennskap og venskap, og mangt eit ungdomsmøte vart ein lagnad for livet. Den unge gjente – Karn vart kjend på desse stegane.

I mikjelmess-leite 1884 stod det brudlaup på Follestad, og Karn vart vigd til Johannes Oluf Olsen Barstad frå Barstadvik. Han var bror til den kjende båtbyggjaren og bygdespelemannen Bø-Iver, og var sjølv ein dugande trearbeidar og bygningsmann.

Første åra levde dei i Ørsta, men ein vårdag i 1885 la dei nygifte dugeleg i børetoget, og med nyfødingen opp på børa trødde dei stegane over Barstadskaret, og Karn tok romet som husmor på Bøen i Barstadvik. Her fall då den lange livsdagen hennar. I slit og kav for folk og fe vart ho eitt med garden, og ho vart den samlande stolpen for unge og eldre i gardslivet.

Ho var sermerkt i mangt, serleg lyt ein hugsa at ho hadde ein framifrå givnad til å røda med folk. Allmann-vegen gjekk gjennom Bø-tunet, og ho råka mange. Folk flest sa ho var vitekjær, og sjølvsagt var ho det, men sume som har ans og øyra for konversasjon laut skjøne at kunsten i samtalen vart meir ei dyrking for henne. Når ein veit kor spesifikt vanskeleg og stengt vårt lynne er i den munnleg omgang med medmenneskja, så lyt ein dimeir undre seg over dei få som har fått denne givnad i voggegåve, og dyrkar han.

Det er nær 20 år sia gamle-Karn vart oldemor, og endå ho sjølv hadde berre eitt barn så lever det no 30 born og bornebornsborn [sic] etter henne.

-st. i Sunnmørposten, 27. juli 1949

Denne einaste dottera heitte Johanne og gift med Edvard frå Ivagarden Volle. Dei var foreldre til 9 born. Av desse var det einast odelsguten Johannes Barstad og systera Paula Barstad som vart verande barstadvikarar.