Folk frå fortida – Anna Kleiva

Anna Kleiva (1888-1969), Hallvar-Anna er fødd og oppvaksen på Vartdal. Ho vart gift med Salmund Kleiva frå Sunnfjord, og dei overtok hennar farsgard. Her voks opp ein stor barneflokk, så Anna har alltid hatt hendene fulle av arbeid. Men ho er eit arbeidsmenneske av dei sjeldne, og har dertil vore velsigna med ei god helse. Anna er framleis med i gardsarbeidet både ute og inne, og ho står alltid ferdig med ei hjelpande hand til den som treng det. Utanom heimen har ho og teke del i misjonsarbeid og bondekvinnelag.

Sant å seie trur eg ingen har sett Hallvar-Anna i dårleg humør. Med sine slåande og fargerike replikkar er ho ein av desse du alltid likar å møte. Luther seier at til det daglege brød høyrer god grannar, ho Anna er ein slik granne. (Sambygding i Sunnmørsposten 14. januar 1963.)