1957. Av Bjarne P. Sætre

Vintersildfiske M/S «Osnes»

Fisket starta i januar. Første fangsten tok vi nord for Graslifalla. Det vart last, tatt 21. januar. Fisket gjekk for vårt vedkomande føre seg frå Stad til Ona. Leverte ikkje sild sør om Stad. Det året var det sterkt avtakande sildeførekomstar. Leverte siste fangsten 16. mars. Slutta turen. Totalkvantum 11.900 hl. Etter forholda det året låg vi godt an.

Trålfiske M/S «Osnes» Finnmark

Det var klarering for tråling. Mykje måtte oppriggast. Alt var nytt, men det var bestilt frå før. Alt låg klart for montering. Det vart gått til Finnmark. Vi baserte på ferskfisk, isa i kasser. Leverte til Aarsæther-anlegg, som det var fleire av. Det vart levert til Nils Foldal sitt anlegg i Kjøllefjord og Alvestad på Sørøya. Avgang først i juli. Skipper Leiv Myklebust, bestmann Bjarne Pilskog, maskinist Lars Liadal, Tore Bardosen, Johan Hoem, Ivar Hoem, Henry Løseth, Øyvind Aam og Lodve Grønnevet. Turen varte til i slutten av oktober. Turen var brukbar. Prisen på fisken var i minste lag.