Ivar Andreas Vartdal (1855-1938) i Toregarden Nørevartdal likte sværande godt å fiske. Jamt og samt dreiv han småsjøen. Ein gong ute på Vartdalsfjorden i tett skodde vart Ivar Andreas verande så lenge vekk at folk byrja verte urolege, dei frykta at han rodde i ring. For å gje Iver Andreas ei retning å ro etter, vart Martin Ødegård og Johs. K. Vartdal sett til å blåse i bukkehorn. Dei to gutane bles og bles, heilt til dei var so såre i kjakane at det knapt kom lyd. Folk tok seg då inn i kyrkja, tok til å ringe med kyrkjeklokka. Ivar Andreas var mykje dauvhøyrt og skal ha trudd klokkeklangen kom frå krigsskip. Leid på fekk Laurits Alnes rodd han opp, mesta bort med Hjørungneset. (Åsmund Masdal, etter Johan O. Vartdal.) Dottersonen Jon, som på heimveg frå skule måtte passere Toregarden, vart ofte bedd av goffaren å vere med på fisketur på Vartdalsfjorden, for ofte etter Jon si lyst.
Ivar Andreas gifte seg i 1888 med Karen Villiksdotter Masdal. Brudlaupet var det fyrste i Vartdal det ikkje vart bryggja øl til. Både brudgom og brud var mykje opptekne av fråhald og misjonsarbeid, gav gåver til misjonssaka og til sosialt trengande, så som barneheimen i Ørsta. Dei var foreldra til Mina, gift i Steinagarden Nørevartdal, odelsguten Eli, og ei jente som døydde 11 månader gammal i 1897 av «Hjernerygmarvbetændelse».
Iver-Andrias tok over halve farsgarden i 1887, broren Per-Eljas hi holva. Den eine hev det i haudå, den andre i hondå (=hendene), skal far deira (Elling Ingebriktsson Nørevartdal) ha ytra om dei to sønene sine. Det var Iver-Andrias som hadde det i hovudet. Han abonnerte på Norsk Misjonstidende, og las den kristelegsinna avisa Dagen hos Mina i Pegarden. Frå 1895 var han medlem i det fyrste skulestyret i Vartdal herad. I juli 1897 var han ein av tre utsendingar frå Vartdal som deltok på jarnbanemøtet om Raumabana i Molde. Dottersonen Ivar S. Vartdal skreiv eit stykke om «Han bessfar», prenta i Minne Frå Vartdalsstranda 2006.