Revejakt på Vartdal

For nokre dagar sidan gjekk to karar frå Myklebust på Vartdal til skogs og skulle sjå etter revehi.

Då dei kom opp i skogen, slapp dei å grunda lenge på kvar det var. Revane hadde greve og rota og laga fleire utgangar frå hiet, og rundt omkring låg det restar av smålam og orrhane og hare. Ja, endå til halvetne griseøyre hadde Mikkel drege til hiet.

Karane vart sitjande til om morgonen. Då hadde dei gjort det av med mora og tre ungar. Den eine av ungane fekk dei ikkje tak i. Men det var då tre [sic] revar på Egil Myklebust og Jørgen Olsvik, og 225,– kroner i skotpremi.

Sunnmørsposten, 11. juni 1956.